Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Reinhald, Volda kommune, Eigedom
Prestegata 33, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 65.%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. januar
Vi søker etter reinhaldsoperatør/reinhaldar til eigedomsavdelinga, seksjon reinhald.
Vi har ledige 2 faste stillingar og 2 vikariat. Det kan og opne seg for fleire vikariat.
65% ledig stilling for tida ved Volda omsorgsenter
50% ledig stilling for tida ved Samfunnshuset i Volda
Vi har ledige vikariat 90% i 6 månadar frå 01.01.25. Vikariat 50% i 6 månadar frå 01.01.25. I begge vikariata kan det vere muligheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Utføre dagleg reinhald etter fastsatte rutiner
- Vedlikehald av golv og andre overflater
- Reinhald av klasserom, pasientrom, fellesareal, sanitærrom og kontor
- Periodisk reinhald
- Smittevask
- Rapportere eventuelle avvik eller behov for vedlikehald
- Bidra til forvaltning av kommunen sine eigedomar på ein slik måte at dei ikkje forfell og verdiane vert reduserte
- Bidra til samarbeid med andre seksjonar i eigedomsavdelinga
Reinhaldsoperatør/reinhaldar i eigedomsavdelinga har ansvaret for at bygninga som han/ho tenestegjer ved ei kvar tid er tilfredsstillande reinhaldt etter gjeldande standard, slik at det er mogleg å drive den verksemda som er i bygget.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør. Lang og relevant erfaring kan kompansere for manglande utdanning
- Kunne utføre reinhald manuelt og med maskiner
- Ha god kunnskap til smittevask
- Vere tilpassingsdyktig, kunne handtere endringar i arbeidsoppgåver eller prioriteringar
- Gode norkskunnskap, munnleg og skrifteleg
- Ha god kjennskap til INSTA800
- Kunne bruke digitale verktøy
- Søkar må vere minimum 18 år
Personlege eigenskapar
- Pliktoppfyllande og punktleg
- Nøyaktig, strukturert og effektiv
- Serviceinnstilt og god kommunikasjon
- Kunne jobbe sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande regulativer
Opplæring
Prøvetida er 6 mnd
Kontaktinformasjon
Wenche Skjærvik, Driftsleiar ReinhaldArbeidsstad
Prestegata 336100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4889622526
Stillingsprosent: 65, 50, 90%
Fast, Vikar
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 24.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Wenche Skjærvik
Driftsleiar Reinhald
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2829243
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4018ab119be746a08884f66678b8ec9a