Prosjektleiar - kommuneplanen sin samfunnsdel
Plan- og byggsak, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Prosjektleiar for kommuneplanen sin samfunnsdel
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 24. september
Gloppen kommune skal gå i gang med å utarbeide kommuneplanen sin samfunnsdel og ny planstrategi for den kommande valperioden. Arbeidet med samfunnsdelen vil starte opp i byrjinga av 2027 og skal vere vedteken i utgangen av 2028. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gje retning for den langsiktige utviklinga av kommunen og vil vere eit av dei viktigaste styringsverktøya både politisk og for kommunen som verksemd. Arbeidet vil skje i tett dialog med politikarar, administrasjonen, kommunale tenester, innbyggjarar, næringsliv, frivillig sektor og andre relevante aktørar.
Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert prosjektleiar for ei 100 % prosjektstilling i to år.
Prosjektstillinga inneber ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi ser etter deg som har god kompetanse frå å leie planprosessar og som gjerne har erfaring frå offentleg sektor.
Du vil bli ein del av tenesteområdet Plan, byggesak og oppmåling, som består av fem tilsette med ansvar for mellom anna byggesak, oppmåling, areal- og samfunnsplanlegging, handsaming av private reguleringsplanar, matrikkelføring mm. Tenesta er underlagt kommunalområdet Samfunn og berekraft, som i tillegg til plan, byggesak og oppmåling består av tenesteområda eigedom, kommunalteknikk, landbruk, kultur, og brann og redning.
Arbeidsoppgåver
I prosjektstillinga får du ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, frå oppstart til ferdig plan. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
- Sikre framdrift og heilskap i arbeidet
- Koordinere arbeidet på tvers av kommunale sektorar, administrativ leiing, politiske organ og offentlege myndigheiter
- Leggje til rette for medverknad og involvering, mellom anna gjennom arbeidsverkstadar og spørjeundersøkingar
- Systematisere og analysere kunnskapsgrunnlaget
- Utarbeide planprogram og framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel, inkl. planstrategi
- Førebu og leggje fram saker for politisk behandling
Det kan i tillegg vere aktuelt å bidra inn i anna kommunalt planarbeid.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning, gjerne innan samfunnsplanlegging, bygg- og arkitekturfag, samfunnsvitskap eller anna relevant fagområde
- relevant erfaring frå planarbeid, prosjekt- eller prosessleiing
- god kjennskap til plansystemet og plan- og bygningslova
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå offentleg sektor og gjerne med arbeid opp mot politiske organ
- god forståing for kommunal verksemd og offentlege planprosessar
- kjennskap til politiske avgjerdsprosessar
- erfaring med digitale sakshandsamings- og arkivsystem
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du:
- arbeider strukturert og sjølvstendig, men likevel fungerer godt i team
- er god til å involvere, motivere og kommunisere med ulike målgrupper, inkludert samhandling med kollegaer, eksterne konsulentar, innbyggjarar og offentlege instansar
- har interesse for samfunnsutvikling og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet
- er trygg i møte med både politiske og administrative miljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- ei spennande og samfunnsrelevant prosjektstilling med stor grad av ansvar og påverknad
- varierte arbeidsoppgåver og eit breitt kontaktnett på tvers av kommunen og lokalsamfunnet
- eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med tenesteleiar Eirin Victoria Myklebust.
Vi ønskjer primært oppstart frå 01.01.2027, men oppstart før/etter dette kan skje etter avtale.
Vil du vere med og setje retning for Gloppen dei kommande åra? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Kontaktinformasjon
Eirin Victoria Myklebust, Avdelingsleiar Plan- og byggsak, +47 90038385Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5178386637
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2028
Søknadsfrist: 24.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Eirin Victoria Myklebust
Avdelingsleiar Plan- og byggsak
+47 90038385
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff6af460-414e-483a-8cb1-b90ea700fb6c
- Sist endret
9. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
53b9ef85434f42799dc679589d0aa8d1