Hopp til innhold

Arealplanleggar

Arbeidsgiver

Stad kommune

Sted

Nabben 80, 6740 Selje, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Arealplanleggar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Stad kommune står framfor ei tid med stor aktivitet og spennande samfunnsutvikling. Realiseringa av Stad skipstunnel, verdas første fullskala skipstunnel, vil skape nye moglegheiter for næringsliv, busetjing og utvikling i heile kommunen. Byggjestart er planlagd tidleg i 2027. 

No søkjer vi ein engasjert og løysingsorientert arealplanleggjar i 100 % stilling som vil vere med og leggje premissane for ei berekraftig og heilskapleg utvikling av kommunen. Hos oss får du arbeide med varierte og samfunnsviktige planoppgåver, frå overordna arealplanlegging til detaljregulering og konkrete utviklingsprosjekt.

Stillinga gir deg høve til å påverke korleis Stad skal utvikle seg i møte med nye investeringar, auka aktivitet og endra behov. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom utvikling, vern, klima, næringsliv og innbyggjarane sine behov.

Som tilsett i Stad kommune vil du få høve til å delta i utforminga av Stad kommune og ta pulsen på lokalsamfunna i Stad. Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver og krev god planfagleg kompetanse. Arbeidet medfører stort ansvar og er prega av tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar. Du får i denne jobben gje råd, behandle saker og utforme planar etter plan- og bygningslova. 

Eininga plan og forvaltning inngår i kommunalområdet Kultur og samfunn. Eininga har ti tilsette. Tilsette i eininga arbeider mellom anna med plan-, og byggjesaker, oppmåling, ajourhald av kommunen sitt kartverk, landbruk og miljøsaker.

Stillinga har kontorstad på Nordfjordeid, men om ynskjeleg er det også mogleg å ha kontorstad på kommunehust i Selje nokre dagar i veka.


Arbeidsoppgåver

Som arealplanleggjar vil du mellom anna arbeide med 

  • utarbeiding og revisjon av kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar 
  • sakshandsaming av private og offentlege planframlegg 
  • rettleiing av innbyggjarar, utbyggjarar, konsulentar og andre aktørar 
  • planfaglege vurderingar etter plan- og bygningslova 
  • deltaking i oppstarts- og arbeidsmøte 
  • førebuing og framlegging av saker for politisk behandling 
  • oppfølging av høyringar, medverknadsprosessar og offentleg ettersyn 
  • samarbeid med statlege og regionale styresmakter 
  • tverrfagleg samarbeid med byggesak, oppmåling, landbruk, næring, teknisk drift og andre kommunale fagområde 
  • bidrag i strategiske utviklingsprosjekt, mellom anna knytte til Stad skipstunnel og tilhøyrande nærings- og arealutvikling
  • utvikling av gode rutinar og effektive, digitale arbeidsprosessar 

Arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett. 

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav: 

  • relevant høgare utdanning innan arealplanlegging, samfunnsplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur, geografi, jordskifte, naturforvalting eller tilsvarande
  • god kjennskap til plan- og bygningslova og anna relevant lovverk
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god digital kompetanse
  • evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har: 

  • erfaring frå kommunal eller offentleg planlegging 
  • erfaring med reguleringsplanar og overordna arealplanlegging 
  • kompetanse innan GIS, digitale plankart eller relevante fagsystem 
  • erfaring med prosjekt- og prosessleiing 
  • kjennskap til offentleg forvalting og politiske avgjerdsprosessar 
  • erfaring med medverknad og dialog med innbyggjarar, næringsliv og andre interessentar   

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • er fagleg trygg, nysgjerrig og utviklingsorientert
  • ser samanhengar og finn løysingar på komplekse problemstillingar
  • kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar
  • trivst med samarbeid på tvers av fagområde og organisasjonar
  • balanserer utviklingsbehov med omsynet til natur, miljø og lokalsamfunn
  • handterer fleire prosessar og tidsfristar samtidig
  • er serviceinnstilt og møter innbyggjarar og samarbeidspartnarar på ein profesjonell måte
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Utviklande og spennande oppgåver
  • Eit arbeidsmiljø basert på verdiane nær, raus, skapande og heilhjarta
  • Deltaking i eit utviklande og innovativt leiarteam
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om at søkjar fører opp referansar.

Kontaktinformasjon

Svein Arne Fure, Einingsleiar plan og forvaltning, 90209234, svein.fure@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5162390216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Svein Arne Fure

Einingsleiar plan og forvaltning

90209234

svein.fure@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d6757c08-b6be-4bed-93fa-a340a8a2c598

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7ff7fd2ad69f4239af8273a861ee22a1

Lignende annonser

Laster lignende annonser