Vil du ha tid til å kome tett på elevane og skape inspirerande opplæring?
Vaksdal kommune
Eksingedalsvegen 2240, 5728 Eidslandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar ved Eksingedalen oppveksttun
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
På Eksingedalen oppveksttun får du unike moglegheiter!
Her har du store undervisningsrom, nærleik til naturen, små elevgrupper, og ei støttande bygd som heiar på skulen sin.
Dette er staden der du kan realisere alle dei pedagogiske ideane du har drøymt om.
Då ein av våre lærarar skal i permisjon, har vi no ledig 100 % stilling som vikarlærar med kontaktlærarfunksjon for 6.-8.trinn frå 20.oktober 2025 og ut skuleåret.
Eksingedalen oppveksttun
Kven er vi?
Oppveksttunet har 8 elevar frå 2. til 8. trinn.
Undervisninga skjer både i samla gruppe og i mindre grupper: 2.-5. trinn (4 elevar) 6.-8. trinn (4 elevar)
I tillegg har oppveksttunet barnehage/SFO og fungerer som ein viktig samlingsplass i bygda.
Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir om alle prosjekta våre!
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
- God digital kompetanse
- Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk
- For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må ein ha 30 studiepoeng som er relevant for det aktuelle faget. Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng
- Det er ynskjeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse og gjerne interesse for tverrfaglege praktisk/estetiske fagområde
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- Er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- Set eleven sitt beste i sentrum
- Vektlegg tilpassa opplæring
- Har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- Har gode samarbeidsevner
- Er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- Har godt humør
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Langsiktige satsingar i Vaksdal kommune
I oppvekst og kultur har vi langsiktige satsingar som
- Felles leseplan i samarbeid med PPT
- Inkluderande barnehagemiljø, PALS og MOT
- Digital læringsleiing
- Kvalitet i SFO
- Skule og barnehage deltek i felles kompetanseheving i arbeidet mot vald og overgrep i samband med kommunen si satsing i oppvekstreformen
- Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og fleire av skulane satsar på fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vaksdal kommune - framtidsretta og innovativ
Vaksdal kommune har framtida i fokus og tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere.
Våre tilsette bidreg kvar dag til å gjere kommunen til ein god stad å leve, bu og arbeide i.
Me satsar på innovasjon og er langt framme innan digitalisering.
Vaksdal kommune ligg sentralt mellom Voss og Bergen, med enkel tilgang via tog og bil.
Mangfald i arbeidslivet
Vaksdal kommune ønskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, eventuelle hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokre stillingar har spesifikke helse- og fysiske krav.
I samsvar med offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjarar bli offentlege, sjølv om søkjaren har bede om å vere anonym på søkjarlista. Me nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Dersom du har teke høgare utdanning utanfor Noreg, må den vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Dokumentasjon på godkjenning må leggjast ved søknaden.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff427d8c-bf05-43d3-9d6a-f9a6e6e114a6
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260494