Koordinator for velferdsteknologi
Helse og aktivitet, Klepp kommune
Olav Hålandveg 8, 4351 Kleppe, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Koordinator for velferdsteknologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Det er ledig stilling som koordinator for velferdsteknologi i Klepp kommune. Stillinga er knytt til avdeling for Helse og aktivitet og lokalisert på kommunen sitt hjelpemiddellager, der ein har basen saman med to hjelpemiddelteknikarar og ergoterapeut. Det er tett samarbeid med IT-avdelinga og fleire tenester innan Helse og velferd. Stillinga er sjølvstendig, men inngår i fleire team knytt til innføring, etablering og drift av velferdsteknologi.
I avdelinga vår vert du ein del av eit sosialt og inkluderande arbeidsfellesskap. Me jobbar med mange ulik og kjekke arbeidsoppgåver og du vert ein viktig del av vår arbeidskvardag
Arbeidsoppgåver
Overordna vil du vera delaktig i tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av oppgåver og tiltak knytt til velferdsteknologi.
Desse oppgåvene kan omfatta:
Opplæring og veiledning av tilsette
Prosjektleiing for innføring av ny teknologi og gevinstrealisering
Systemansvar og tilgangskontroll for digitale plattformer
Oppsett av teknologi og montering av utstyr i tett samarbeid med helsepersonell
Hovudansvar for å følga opp og kvalitetssikra rutiner i drift
Samarbeid med leverandørar og ulike tenester i helse og velferd (sjukeheim, heimetenester og tenester i kommunale boligar)
Bestilling, retur og lageransvar for velferdsteknologi
Koordinera ressurspersonar ute i dei ulike avdelingar
Kontakt med leverandørar, delta i utarbeiding av anbud/ avtalar
Kvalifikasjonar
Relevant fagbrev eller høgare utdanning fortrinnsvis innan IT eller elektrofag
Kunnskap om helse- og omsorgstenesta
Erfaring med prosjektleiing
Erfaring og kunnskap om implementerings prosessar
God kunnskap i bruk av ulike IKT løysingar.
Kunnskap om drift av programvarer og plattformar for velferdsteknologi
Erfaring med service, brukarstøtte og opplæring
Krav om gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande B2
Sertifikat klasse B og disponerer eigen bil ved behov
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
I denne stillinga treng du god kommunikasjonsevne og stor sosial kompetanse
Gode samarbeidsevner, og du likar å samhandla med andre om oppgåver knytt til teknologi
Komfortabel med opplæring og veiledning av både ansatte og brukar/pårørande
Må trivast med utviklings- og forbetringsarbeid
Er framoverlent, løysningsorientert og trivst med varierte arbeidskvardagar
Store krav til fleksibilitet mtp å snu seg fort rundt ved tekniske problem og viss systema er nede
Kan omprioritera oppgåver på kort varsel
Teknisk og praktisk anlagt
Er strukturert, kan arbeida sjølvstendig, tek ansvar og viser initiativ
Det vil bli sterkt vektlagt at du er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
Du vert ein del av eit lag innan velferdsteknologi
Ei nøkkelrolle i innføring, opplæring og drift av velferdsteknologi
Du får eit engasjert og støttande fagmiljø som er i stor utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Beth S. Holm, Rådgjevar, 90916812, beth.sagrov.holm@klepp.kommune.noHåvard Braut, Avdelingsleiar, +47 48866611, havard.braut@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Olav Hålandveg 84351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4929798153
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.03.2025
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2877038
- Hentet fra
talentech
- Referanse
799b4994ed5c48d3b496bce2f9cf91e2