Sjukepleiar, 100% fast - bonusordning
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 100% fast sjukepleiar, frå snarast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, frå snarast/etter avtale, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Turnus med arbeid kvar 3. helg.
Kommunen tilbyr løn over tariff for sjukepleiarar som går i turnus. Til denne stillinga er det knytt bonus på 100 000,- ved bindingstid i to år. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt. Me har også, for tida, ekstra helgekompensasjon ved gått vakt.Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- Negativ MRSA/TBC før oppstart
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff01fe7a-fcd1-4013-a07b-8ee456c2f0ed
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10295527