Kantinemedarbeidar
Vest-Telemark vidaregåande skule, Telemark Fylkeskommune
Storvegen 195, 3880 Dalen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kantinemedarbeidar
Oppstart
9. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Vi søkjer etter ein vikar til 40% stilling som kantinemedarbeidar (to dagar i veka). Vikariatet går fram til jul og med oppstart så snart som råd. Det kan bli aktuelt med fleire dagar vikariat ved behov.
Som kantinemedarbeidar ved Vest-Telemark vgs vil du ha ansvar for drift av kantina to dagar i veka; menyplanlegging, produksjon og sal av mat og drikke, sikre at alt er gjort i tråd med gjeldande regelverk og rutinar, innkjøp m.m. Vi er på utkikk etter deg som ynskjer å levere god service og oppretthalde kantina som ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen. Du må ha gode samarbeidsevner, då tett samarbeid med kantinedrivar er viktig for å halde kontiniutet i tilbodet gjennom skuleåret.
Stillinga er i avdeling for administrasjon og drift saman med reinhald, byggdrift og kontor. Om ein i tillegg har erfaring frå reinhald kan det og vere aktuelt med sporadiske oppdrag som vikar der.
Arbeidsoppgaver
- Dagleg drift av kantina
- Innkjøp og menyplanlegging i samarbeid med kantinedrivar
- Produksjon og sal av mat og drikke
- Yte god service og bidra til å gjere kantina til ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen
- Samarbeide med avdelinga for tilpassa opplæring og samarbeide godt med elevar som har arbeidslivstrening i kantina
- Avstemming av kasse etter gjeldande reglar
- Halde reint i kantineområdet i samarbeid med reinhaldarane ved skulen
- Bidra ved arrangement på skulen
Kvalifikasjoner
Det er ønskjeleg med erfaring frå produksjon og sal av mat i kantine, kafé, storkjøkken eller liknande.
Det er krav om politiattest for tilsetjing i skule.
Det er eit krav å beherske norsk som arbeidsspråk
Personlige egenskaper
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Samvittighetsfull med god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og positiv innstilling til ungdom
Det blir vurdert og lagt vekt på om ein er personleg egna.
Vi tilbyr
I denne stillinga har du rett på ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentlig tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
Kontaktinformasjon
Talleiv Metveit, Avdelingsleder administrasjon, 95707272Arbeidssted
Storvegen 1953880 Tokke
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Telemark FylkeskommuneReferansenr.: 5006812872
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Startdato: 09.09.2025
Sluttdato: 19.12.2025
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Talleiv Metveit
Avdelingsleder administrasjon
95707272
Om bedriften
Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune og hentar elevar frå heile Vest-Telemark. Regionen byr på ei rik kulturhistorie, har eit innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med rike tilhøve for friluftsaktivitetar.
Skulen har nært samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar.
Elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule kan velje mellom utdanningar innan Studiespesialisering, Helse- og oppvekst, Teknologi og industrifag, Elektro, og tilrettelagt opplæring. Skulen tilbyr også påbygg for studiekompetanse, kombinasjonsklasse for ungdomar som treng grunnskuleopplæring før vidaregåande, og har også eit tilbod om vekslingsmodell der elevar kan kombinere læretid og skule. Vidare er det høve til å bli sertifisert for Skuter klasse S ved skulen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fee1f746-1146-47cc-8b3b-6d2fed7e2272
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c9203de0c65447aba0287228b8ed72c0