Hopp til innhold

Tilkallingsvikar, Kjølsdalen Montessoribarnehage

Arbeidsgiver

Kjølsdalen Montessoribarnehage Sa

Sted

Daltunvegen 19, 6776 Kjølsdalen

Om jobben

Vi treng tilkallingsvikar til barnehagen vår. Det kan bli aktuelt med avgrensa vikariat. Barnehagen vår ligg fritt og landleg til i bygda Kjølsdalen i Stad kommune. Barnehagen har 2 avdelinger og driv etter pedagogikken til Maria Montessori.

Stillingstittel
Barnehageassistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 75%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

oline@kjolsdalenmontessori.no

Hva vi ser etter

Eigenskapar vi ser etter

  • Trygg, påliteleg og engasjert.

  • Trives saman med barn og har eit ønske om å skape gode dagar samen med dei.

  • Samarbeider godt i team og viser respekt for mangfaldet i personalgruppa.

  • Er imøtekommande og tek initiativ i dialog med føresette.

  • Har god arbeidskapasitet.

Arbeidsoppgaver

Vi i Kjølsdalen Montessoribarnehage treng ein stabil tilkallingsvikar som kan møte ved sjuke- og permisjonsfråver.

Som tilkallingsvikar må du kunne møte på kort varsel. Vi ønsker at du blir godt kjent med vaksne og barn på begge avdelingene, slik at du kan arbeide begge plassar etter behov.

Du må ta del i dei daglege oppgåvene, vere ein bevisst rollemodell og arbeide for gode dagar i barnehagen.

Politiattest vil bli krevd ved tilsetting.

Vi tilbyr

Barnehage med god bemanning og pedagogtetthet

Gode lønns- og pensjonsordning etter PBL tariff

Variert arbeidsdag med mykje uteaktivitet.

Kjennskap og erfaringer med Montessoripedagogikken

Kontaktperson for stillingen

Oline Furnes

Dagleg leiar/Styrar

oline@kjolsdalenmontessori.no

Om bedriften

Barnehagen er eit privat samvirkeføretak med 41 barn.

Vi held til på vestsida i same bygg som Kjølsdalen Montessoriskule. Vi er oppdelt i to avdelingar, Sør er for barna 0 -- 3 år og Nord for for barna 3 -- 6 år. Sør har inngang på vestsida av bygget ned mot fjorden, medan Nord har inngang frå grusbana.

Vi har ein romsleg leikeplass med sandkasse, leikeapparat og i skogen har vi eit variert naturområde med skog, berg og steinområde.

I gangavstand finst det fleire gardsbruk med dyr som vi besøker. Det er fine turområde like ved med variert terreng, og mykje å utforske og oppleve for barna.

Vi følgjer montessoripedagogikken og har fokus på at vi skal ha respekt for oss sjølv, kvarandre og miljøet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fec7192d-9bb4-4dc1-8bb2-6c1de58569f0

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

fec7192d-9bb4-4dc1-8bb2-6c1de58569f0

Lignende annonser

Laster lignende annonser