Sjukepleiarstillingar
Barne- og ungdomsavdeling, sengepost, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
- 100% stilling frå snarast til 30.04.2026
- 80% stililng frå snarast til 19.01.2026
- 67% stilling frå 18.09.2025 - 15.02.2026
- 60% stilling frå 18.08.2025 - 26.10.2025
Barne- og ungdomsavdelinga har to seksjonar: Sengepost og Poliklinikk. Vi har spesialisthelsetenesteansvar for barn og ungdom i alder 0 til 16 (18) år. Dei ledige stillingane er som sjukepleiar i sengeposten der vi behandler og pleier både premature og sjuke nyfødde, og større barn og ungdommar med både medisinske og kirurgiske diagnosar. Tilsette i sengeposten behandlar også ein del polikliniske pasientar, samt at vi driftar avansert heimesjukehus (AHS).
Sengeposten flytta i fjor haust inn i nye, fine lokaler i 5. etg i LIVA. Etter kvart skal barnepoliklinikken flytte opp i same etasje, i dei gamle lokala til sengeposten. På den måten vil det bli lettare for dei to seksjonane å ha endå tettare samarbeid.
Dei som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Vi ber om at de i søknaden opplyser om kva stillingsprosent som er av interesse, og at de prioriterer i rekkefølge dersom fleire stillingsprosentar er aktuelle.
Stillingane har tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie av inneliggande barn og ungdom: både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdommar med både medisinske og kirurgiske diagnosar. Sjukepleiarane må kunne jobbe med både små og store barn
- Noko poliklinisk aktivitet i sengeposten
- Opplæring/undervisning til pasient og pårørande
- Omsorg og støtte til pårørande
- Tredelt turnus med arbeid kva tredje helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå Barne- og ungdomsavdeling vil bli prioritert
- Sekundært vil anna relevant sjukehuserfaring bli prioritert
- Kunnskap/erfaring med ein del medisinskteknisk utstyr vil vere ein fordel
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og arbeidssam
- Like varierte utfordringar
- Gode kommunikasjonsevner
- Samarbeidsvillig
- Fleksibel på arbeidsopgåver og arbeidstid
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, 992 93 641, jorunn.sollid@helse-forde.no
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4989364790
Stillingsprosent: 100, 80, 67, 60%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.07.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
feb3ce91-b603-4b74-aff8-54b415323e08
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31dd540414b1423dbd4f27d8d57f7cf2