Ferievikarar - vedlikehald bygg- og grøntområde
Eigedom, Stad kommune
6740 Selje, 6750 Stadlandet, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar - bygg- og grøntområde
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Stad kommune søkjer etter fleire ferievikarar til vedlikehald av bygg og grøntområde i perioden april - september 2026.
Arbeidet er både på Nordfjordeid, i Selje og på Stadlandet. Er det periodar du ikkje kan arbeide må du informere om det.
Arbeidsoppgåver
- Grønt vedlikehald i område som Stad kommune har ansvaret for
- Vedlikehald av kommunale bygg som til dømes maling og utvendig vedlikehald
- Andre oppgåver kan bli aktuelle
Kvalifikasjonar
- Du bør vere fylt 18 år
- Du må ha sertifikat for traktor eller bil
- Gjerne disponere bil
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og pliktoppfyllande
- Flink til å sjå kva som må gjerast
- Evne til både å jobbe sjølvstendig og saman med andre
- Gjerne erfaring frå liknande arbeid
- Likar praktisk arbeid ute
Vi tilbyr
- Ein kjekk feriejobb
- Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Tore Nyhammer-Taklo, einingsleiar eigedom, 90 19 48 37, tore.nyhammer-taklo@stad.kommune.noHilde Hovden, einingsleiar kommunalteknikk, 92612855, Hilde.Hovden@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5096714569
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
feafb927-603c-422f-b888-a37412e0e856
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
540d4be060624538871ce4e5ed4502b6