Er du farmasøyt og har lyst til å bli vår nye kollega?
Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH), Sjukehusapoteka Vest
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Farmasøyt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
På sjukehusapoteket i Haugesund er vi ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og nokre sjukepleiarar. Hos oss får du rundt 40 kjekke og dyktige kollegaer fordelt på fem avdelingar: produksjonsavdeling, publikumsapotek, sjukehusekspedisjon, avdeling for farmasøytiske tenester, og avdeling for eindose.
I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Fonna får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelp vi legar, sjukepleiar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel. I avdeling for eindose, som framleis er i oppstartsfasen, skal vi pakke enkle legemiddel i kvar si pose før vi sender dei ut til alle sjukehusa på Vestlandet.
No ser vi etter deg som vil forsterke det gode laget vårt ytterlegare. Som farmasøyt hos oss bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte. Alle avdelingane samarbeider tett, og du får sjansen til, og må forvente, å arbeide i fleire av dei.
Sjukehusapoteket leverer tenester og legemiddel i heile nedslagsområdet til Helse Fonna, så vi er fleksible med tanke på å leggje til rette for å kombinere arbeid i Haugesund med andre stader.
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko!
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling ein jobbar i, det kan vere mellom anna:
- kundeservice, medisinstart, vaksinering og veiledning av kunder og pasienter
- klinisk arbeid på post, til dømes legemiddelsamstemming, legemiddelgjennomgang, undervisning og pasientsamtalar
- vareflyt, logistikk og rettleiing av helsepersonell
- produksjon og kontroll av cytostatika og andre tilsetningsprodukt
- produksjon og kontroll av eindosepakka legemidlar
- å delta i beredskapsvaktordning kan også vere aktuelt
Andre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som farmasøyt.
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
- Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du har gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som ansvarsfull, tilpassar deg ulike oppgåver og arbeider nøyaktig med stor merksemd på kvalitet.
- Du trivst i eit hektisk miljø og handterer travle periodar godt.
- Du set pris på å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers av fagområda, samtidig som du arbeider sjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- I tillegg har du interesse for å bruke digitale verktøy i det daglege arbeidet.
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
- Høve til fagleg og personleg utvikling, og naudsynt opplæring.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Så klart løn, i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Maria Birgitte Rossebø Areklett, Sjukehusapoteker, +47 93401870Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 4974281573
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Maria Birgitte Rossebø Areklett
Sjukehusapoteker
+47 93401870
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig