Avdelingsleiar - Hannesvegen bustader
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar - Hannesvegen bustader
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Om stillinga
Stillinga som avdelingsleiar er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til einingsleiar. Avdelingsleiar har personal- og fagansvar for deler av avdelinga, men har ikkje heilskapleg ansvar. Som avdelingsleiar kan du få delegert enkeltoppgåver innan for eksempel økonomi og HMS- arbeid. Som avdelingsleiar er du ein del av avdelinga si leiargruppe.
Stillinga er ei dagstilling (37,5 t/v)
Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunna få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som avdelingsleiar. Ved lengre fråvær av einingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert jmf HTA § 13.4
Avdelingsleiar skal saman med einingsleiar i avdelinga være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i avdelinga, er du med på å drive internt organisasjonsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester i framtida.
Om oss
Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdelinga som består av fleire bustadgrupper og nokre avlastingsplassar. Tenestemottakarane har ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov.
Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestemottakarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestemottakarane og kvarandre.
Hjå oss arbeider det vernepleiarar, miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift
- Personalansvar
- Saman med einingsleiar ha ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innanfor ramma av dei ressursane avdelinga disponerer.
- Ansvarleg for at avdelinga arbeidar etter kommunen sine fag- og kvalitetssystem
- Gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Sørge for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla sett har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
- Ta initiativ til og gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
- Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
- Sikre god løpande dialog med brukarar og pårørande
Me er på jaket etter ein leiar som vil vere med å forma tenesta og endring i arbeidsoppgåver må påreknast.
Kompetanse
- Autorisert vernepleiar. Sjukepleiar med relevant erfaring frå tenesteområdet/brukargruppa kan bli vurdert.
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Det er eit føremon om du har:
- Erfaring med Kap.9
- Erfaring frå tilsvarande type arbeid som leiar med personalansvar
Kven er du?
- Du har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter, og evne til å skapa tillit.
- Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Du evner å ta sjølvstendige beslutningar til det beste for drifta og avdelinga
- Du kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Du kan han handtera eit høgt arbeidspress
- Du er fleksibel og løysingsorientert. Du ser moglegheiter i staden for utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
- Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig
- Du evner å inspirere og motivere tenestemottakarar og kollegaer
Vi treng deg som kan sjå avdelinga med friske auge og bidra til vidare utvikling. Du er initiativrik, engasjert i brukargruppa og handterer krevjande situasjonar med ro og tålmod. Du har gode samarbeidsevner og tilpassar deg ulike situasjonar etter behov.
Dei personlege eigenskapar som nemnt over vil bli lagt stor vekt på.
Me tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring
- Høg kompetanse i avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har brukar i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Løn: Etter avtale
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling
I avdelinga har me jobba over tid med heiltidskultur, og er i ein prosess med tenestestyrt bemanning og oppgåvedeling for å kunne yte gode og bærekraftige tenester i framtida. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Alver kommune er i ein omstillingsprosess der me saman skal byggje Alver-laget for framtida.
- "Alver kommune i endring og omstilling 2026"
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fe919429-a4af-41d1-883d-dbe053bb0459
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10259821