Psykologspesialist/psykolog
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Akutt psykisk helse Ålesund har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog fra 08.12.2023.
Seksjon Akutt psykisk helse er delt i to team, Team A og Team B som samarbeider tett. Team A er psykiatrisk mottak ved Ålesund sjukehus og team B har en subakutt funksjon. Vi er no i ein prosess med å få samla Akuttpostane i ei eining og i nye lokaler, og det vil då ikkje vere oppdelt i to team slik som per i dag. Det er utarbeida planer for korleis denne seksjonen skal vere, og vi går inn i en spennande prosess med å få samla fagmiljøet og bygge opp ei sterk akutteining her på avdelinga.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består for øvrig av 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Team A og Team B, som kvar har 6 senger,
Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og
Spesialisert habilitering.
Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp. Seksjonane i avdelinga samarbeider tett med
kvarandre, andre avdelingar i føretaket og førstelinjetjenesta.
Vi søkjer deg som vil vere med og vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet,
tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, du kan gje
miljøpersonalet fagleg rettleiing og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivilligheit, medverknad
og redusert bruk av tvang.
Avdelinga er tverrfaglig sammensatt og i tillegg til psykologspesialist/psykolog har vi mellom anna
psykiatere, LIS, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fysioterapeutar og helsefagarbeidarar.
Pasientgruppa består diagnostisk mellom anna av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, bipolar
liding, akutt kriser, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk, alderspsykiatri og sikkerheitspsykiatri. Vi har
fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient.
Arbeidsstad i vakre Ålesund med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund: https://www.visitalesund.com/
Arbeidsoppgåver
- Diagnostisk vurdering og utgreiing
- Sjølvstendig behandlaransvar for pasientar
- Behandling og stabilisering av pasientar som er i ein akutt fase
- Tett samarbeid med andre faggrupper
- Vere ein pådrivar for fagleg utviklingsarbeid
- Bistå andre seksjonar ved behov
- Undervisning og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist - fordel med vedtakskompetanse
- Det er ønskjeleg med brei klinisk erfaring innan psykisk helsevern for vaksne
- Psykologar som er i spesialistforløp kan også søkje
Personlege eigenskapar
- Du har godt humør, er målretta og nysgjerrig
- Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast med både sjølvstendig og tverrfagleg arbeid
- Du trivast med å arbeide i team
- Du har evne til å arbeide i ein hektisk kvardag og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre si kompetanse
- Du er fagleg motivert og har interesse for å utvikle ein framtidsretta akuttpsykiatri
- Å vere personleg eigna vert vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar med høg kompetanse
- Sterkt fagleg miljø
- Faglege utfordringar og god moglegheit for personleg vekst
- Ein inkluderande arbeidsplass
Kontaktinformasjon
Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, 70106561, Erik.Sletten.Helgesen@helse-mr.noArbeidsstad
Ålesund sjukehus6026 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4707441780
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2442007
- Hentet fra
talentech
- Referanse
373af083a15b4d8dba889974f21cab4f