Overstyrmann i sambandet Sæbø - Leknes, p.t. MF Geiranger
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6165 Sæbø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Sæbø - Leknes, MF Geiranger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
I Fjord1 får du jobbe med dyktige kollegaer i eit selskap med mange karrieremoglegheiter. No har vi ledig stilling som overstyrmann på sambandet Sæbø-Leknes, p.t. MF Geiranger.
Skiftordning: 3-skiftssamband med døgnvakter 24t på og 24t av; 2 veker på, og 1 veke av.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på og 1 veke av
Kontaktinformasjon
Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 479 04 789, solveig.bjornvold@fjord1.noArbeidsstad
Ørsta Municipality
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4976100740
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted