Laboratorieassistent
Laboratorieklinikken/ Mikrobiologisk avdeling, Helse Bergen HF
Jonas Lies veg 87, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Laboratorieassistent
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Mikrobiologisk avdeling har om lag 130 tilsette, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggande kommunar. Laboratoriet har fleire einingar - Virologisk seksjon, Bakteriologisk seksjon, Molekylærbiologisk seksjon, eit prøvemottak og eit medieproduksjonslaboratorium.
Ved Produksjonslaboratoriet blir det produsert ulike dyrkingsmedium og reagensar. Utstyr frå avdelinga blir autoklavert og vaska her. Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling frå 01.06.2025 til 31.12.2025.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av medium som nyttast i mikrobiologisk diagnostikk
- autoklavering og vasking av laboratorieutstyr
Kvalifikasjonar
- Erfaring med laboratoriearbeid
- Erfaring med reinhald av utsyr
- Mogelegheit for å tiltre tidleg i juni
Personlege eigenskapar
- Sjøvstendig, men jobbar godt i lag med andre
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Randi Monsen Nygaard, Driftsleiar, +47 55975798Arbeidsstad
Jonas Lies veg 875021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4972224387
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 01.06.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig