Hopp til innhold

Rådgjevar/informasjonskoordinator

Arbeidsgiver

Skyss

Sted

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Storehagen 1B, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Har du interesse for kollektivtrafikk og har lyst til å vere med på å skape vekst i Vestland i eit dynamisk og spennande marknadsmiljø? Blir du motivert av berekraftige løysingar og ein variert arbeidskvardag? Då ser vi etter nettopp deg – ein informasjonskoordinator som vil bidra til gode og framtidsretta kundeopplevingar for alle som reiser kollektivt i Vestland.

Arbeidsoppgåver

I Skyss arbeider vi for at talet på kollektivreisande skal auke vesentleg i åra som kjem. Kollektivtilbodet skal vere eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei som skal reise. Som informasjonskoordinator spelar du ei sentral rolle for å få nøyaktig og riktig informasjon ut til dei kollektivreisande i fylket slik at reisa blir enklast mogleg. Du er ein lagspelar, strukturert og detaljorientert og jobbar effektivt digitalt. Du veit korleis eit bodskap når fram til målgruppa på best mogleg måte. Du er med på å forbetre og forenkle prosessar og har teft for effektiv problemløysing. I Skyss får du jobbe saman med engasjerte kollegaer, men det er viktig at du også jobbar godt sjølvstendig over tid. 

Du vil få ein arbeidskvardag med desse arbeidsoppgåvene:

  • Leiing/koordinering av tverrfagleg arbeidsgruppe som jobbar med trafikale omleggingar
  • Lage framdriftsplanar, ha møteverksemd med til dømes utbyggarar og entrepenørar, og ivareta ulike interessentar
  • Prosjektleiing og -deltaking
  • Innhaldsproduksjon og publisering i eigne kanalar
  • Arbeid med kampanjar, rute- og trafikkinformasjon, samt vegfinning og fysiske flater ved terminalar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan kommunikasjon, økonomi, logistikk eller liknande. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan òg bli vurderte. Då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
  • Gjerne erfaring med prosjektarbeid og prosessleiing
  • Sterke digitale ferdigheiter
  • Erfaring med logistikkarbeid er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Analytisk, strategisk og målretta 
  • Strukturert, handlekraftig og nøyaktig
  • God til å samarbeide, lytte og bygge tillitsfulle relasjonar internt og eksternt
  • Sjølvgåande og initiativrik – van med å ta ansvar og levere med høy kvalitet
  • Sterkt engasjement for å skape gode kundeopplevingar og vere ein tydeleg ambassadør for kunden

Vi tilbyr

Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi

  • moglegheit til å utvikle deg fagleg
  • gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale
  • gode, offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • arbeidsstad i Bergen eller Førde

    Andre opplysningar:
  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
 

Kontaktinformasjon

Egil Wiken Sunde, faggruppeleiar kundeinformasjon og marknadsføring, 48116374, Egil.wiken.sunde@skyss.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5074894659
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Egil Wiken Sunde

faggruppeleiar kundeinformasjon og marknadsføring

48116374

Egil.wiken.sunde@skyss.no

Om bedriften

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fe34857d-6f02-4a0b-aff6-881b37c227c9

Sist endret

13. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5a54b7352cff4c55acdffd47207b8a24

Lignende annonser

Laster lignende annonser