Fastlege
Helsetenesta i Bykle og Valle, Bykle kommune
Skulevegen 3, 4755 Hovden i Setesdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: fastlege, beredskapslegevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familietstøtte. Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4,5 fastlegestillingar og 2 LIS1-stillingar. Legekontora har 3 sjukepleiarar kvar og er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og labratorium. Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle er varierte og spennande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen.
Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle.
Arbeidsoppgaver
- Varierande allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt
- Beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1
- Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknande
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialistar, eller leger som har startet utdanningsforløpet i allmennmedisin oppfordres til å søke (kommunen er godkjent utdanningsvirksomhet og vil legge til for dette)
- Me ynskjer røynsle frå kommunal fastlegeteneste og interesse for fagutvekling
- God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskapar
- Førarkort klasse B
- God digital kompetanse
Personlige egenskaper
- Stor interesse og engasjement
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Analytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskapleg
- Handlekraftig og lojal
- Oppteke av fagutveklig, endrings- og forbetringsarbeid
- Systematisk og pålitelig arbeidsstil
- God klinisk vurderingsevne
- Du er parat til å dele din kunnskap med, og lære av andre
- Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette
Vi tilbyr
- Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
- Hektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobb
- Gode samarbeidspartnarar
- Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
- Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
- Storbyliv tre timar køyreveg unna
- Vi er behjelpelig med å skaffe bustad
Andre opplysninger:
- Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler
- Krav om politiattest ved tilsetjing
- Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju
- Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
- Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
- Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Kontaktinformasjon
Ragnhild Avesland Hoslemo, Konst. einingsleiar, +47 47354904, ragnhild.avesland.hoslemo@bykle.kommune.noBenedicte Severinsen, Kommuneoverlege, +47 90205152, benedicte.severinsen@bykle.kommune.no
Arbeidssted
Skulevegen 34755 Hovden
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 4904705856
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2842804
- Hentet fra
talentech
- Referanse
50040ec023d74d34a63f7e20b445d844