Kommunikasjonssjef i Nærings - og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
A-blokka - Einar Gerhardsens plass 1, 0153 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunikasjonssjef i Nærings - og fiskeridepartementet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Om kommunikasjonsseksjonen
Vi søkjer ein samfunnsengasjert og tillitsskapande kommunikasjonssjef som skal ha eit særleg ansvar for kommunikasjonsarbeidet knytta til fiskeri, sjømat, havbruk, maritim næring og marin forsking. Du må ha god rolleforståing, innsikt i politiske prosessar og eit skarpt blikk for mediebiletet og den offentlege debatten. Du får ansvaret for å informere om fiskeri- og havpolitikken, planleggje for mediekontakt og bidra til debatt.
Kommunikasjonssjefen for fiskeri- og havområdet blir òg nestleiar i kommunikasjonsseksjonen, som for tida har til saman 14 medarbeidarar. Stillinga innehar ikkje personalansvar.
Tiltreding: Så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Eit særleg ansvar for kommunikasjonsarbeidet for fiskeri- og havområdet.
- Nestleiar i kommunikasjonsseksjonen og stedfortredar for leiar av seksjonen.
- Ei sentral rolle i å støtte fiskeri- og havministeren, særleg på arrangement og reiser, for å sikre tydeleg kommunikasjon og handtere mediekontakt og bodskapsformidling undervegs, inkludert video og annan innhaldsproduksjon.
- Utarbeiding av kommunikasjonsstrategiar for arrangement og politiske satsingsområde.
- Pressekontakt og mediarådgjeving, med særleg ansvar for fiskeri- og havpolitiske saker.
- Ved fråvær i seksjonen må du rekne med å inngå i ei ordning med presseberedskap utanfor arbeidstid (kompensert).
Kvalifikasjonar og personlige eigenskapar
Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn- Må ha relevant høyere utdanning på masternivå. Særlig relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- Må ha solid erfaring med strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid.
- Må ha god forståing for embetsverket si rolle og politiske prosessar.
- Må ha god forståing for samspelet mellom politikk, økonomi, næringsliv, embetsverk og medium.
- Må ha særs god og presis skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Må ha særs god teknisk forståing og evne til å bruke digitale verktøy effektivt, og når det går fort.
- Må kunne sikkerheitsklarerast på tilstrekkeleg nivå.
- Erfaring som kommunikasjonsrådgjevar i eit departement er ein fordel.
- Erfaring med politikkområder som fiskeri, hav, internasjonal handel og/eller Europa er ein fordel.
- Må ha god rolleforståing og innsikt i samspillet mellom politikk, fag og forvaltning.
- Må kunne byggje gode relasjonar – med politisk leiing, i kommunikasjonsseksjonen, i departementsfellesskapet og i dialog med underliggjande verksemder.
- Må kunne oversette komplekse prosessar og faglege tema til klare, målretta bodskap – òg under tidspress
- Må ha ei sterk gjennomføringsevne og arbeide løsningsorientert i krevjande situasjonar
- Det er ein fordel om du er nysgjerrig og utviklingsorientert, og holder deg oppdatert på korleis kommunikasjonsfaget og kanalbruken utviklar seg.
Å vere personleg eigna vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Fast stilling som kommunikasjonssjef (kode 1535 kommunikasjonssjef).
- Ein morosam og spennande jobb i eit sterkt fagmiljø.
- Eit svært godt arbeidsmiljø, med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.
- Gode utviklingsmoglegheiter.
- Lønsplassering ut ifrå kvalifikasjonar og erfaring, i utgangspunkt innan spennet frå kr 1 000 000 til kr 1 300 000. Høgare løn kan vurderast for særskilt kvalifiserte søkarar.
- Fleksibel arbeidstid og betalt overtid.
- Gode ordningar for lån, forsikring og pensjon gjennom Statens pensjonskasse (SPK)
- Kontorsted i det nye regjeringskvartalet
Praktisk informasjon
Vil du høyre meir om stillinga, kan du ta kontakt med kommunikasjonssjef Lisa Nordøen på mobil 934 19 402 eller e-post lisa.nordoen@nfd.dep.no
Du søkjer elektronisk. Din søknadstekst kan være kort, men ein utfyllande CV er ein fordel. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske søknadsskjemaet. Vitnemål og attestar må leggjast ved.
Vi praktiserer omvendt referansesjekk. Det inneber at aktuelle kandidatar får høve til å snakke med ein eller fleire av medarbeidarane i kommunikasjonsseksjonen som kan fortelje meir om vårt gode arbeidsmiljø eller korleis arbeidskvardagen ser ut hos oss.
Søknadsfrist 3 .mai 2026.
AnnaMe gjer merksam på at jf. offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har som mål å utforme en helhetlig fiskeri- og næringspolitikk som legger til rette for omstilling og bidrar positivt til samlet verdiskaping. Dette innebærer å understøtte regjeringens politikk for å skape flere grønne og lønnsomme arbeidsplasser, styrke investeringene på fastlandet, øke eksporten utenom olje og gass, samt kutte klimagassutslippene.
Departementet forvalter en bred EU/EØS-portefølje. Viktige ansvarsområder er også næringsrelevant forsknings- og innovasjonspolitikk, konkurransepolitikk og handelspolitikk. NFD forvalter statens eierandeler i en rekke selskaper, og har mange underliggende etater og tilknyttede virksomheter.
Departementet har ca. 400 ansatte. Les mer på www.regjeringen.no/dep/nfd
Vi i NFD ønsker medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte kandidater til å søke, og vil tilrettelegge for medarbeidere som eventuelt har særskilte behov for det. Vi oppfordrer deg til å krysse av i jobbsøkerportalen dersom du har funksjonsnedsettelse, hull i CV eller innvandrerbakgrunn.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fe0626b7-8b53-4dd6-97ca-329acd596ebf
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290720