Fast stilling pedagogisk leiar
Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
Trolldalssletta 18, 6264 Tennfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast stilling pedagogisk leiar
- Oppstart
- 27. juli 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. april
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette fordelt på fem basar per idag. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.
Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull, fagleg engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet i si gruppe, i nært samarbeid med barnehagelærar og det øvrige personalet
- Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda du er sett til å leie
Kvalifikasjonar
For stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Søkar må vidare:- Levere oppdatert politiattest
- Jobbe i tråd med barnehagelova
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova § 28
- Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har evne til å:- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode
- Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
- Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
- Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som ellers skjer på eigen arbeidsplass
- Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
- Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
- Vere ein god rollemodell
- Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne og utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehageloven
- Sikre barn sin rett til medverknad og involvering
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.noArbeidsstad
Trolldalssletta 186264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5099221758
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 27.07.2026
Søknadsfrist: 27.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fe034117-9d8b-4ad5-8a03-f4cf85bc86b2
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf83c92870804290932da952aebad9bd