Stilling i barnehage ved Svelgen oppvekst
Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar/førskulelærar
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 3 avdelingar med born i alderen 2 – 6 år. Langeneset barnehage har 2 avdelingar med born i alderen 1 – 3 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.
Frå snarast har vi ledig to faste stillingar i våre barnehagar i Svelgen. Primært barnehagelærar/førskulelærar. Vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring med arbeid med barn og unge oppmodast òg om å søkje.Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
- I samarbeid med pedagogisk leiar ha eit fagleg ansvar for ei barnegruppe og oppfølging av barn med spesielle behov
- Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:- Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning. Eventuelt vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring oppmodast om å søkje
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statenspensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321Arbeidsstad
Gunnar Scheldrups veg 316723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4902931555
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2827788
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fbfd694f40f84976b19ede421cfe32a4