Politibetjent 3/2/1
GDE4-Sauda/Suldal Seksjon for politi, Sør-Vest politidistrikt
Kyrkjegata 2, 4200 Sauda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me har ledig stilling som politibetjent 3/2/1 ved GDE4 Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord. Stillinga er fortrinnsvis plassert ved seksjon for førebyggjande politipatrulje, men det kan òg bli aktuelt med plassering ved seksjon for etterretning og etterforsking. Stillinga vil vera stasjonert ved Sauda Politistasjon og/eller Vindafjord Politistasjon.
Me ber søkjarar om å sende søknad, CV og attestar via «søk på stilling», og at vitnemål frå Politihøgskulen blir lasta opp. Me ber vidare om at søkjar oppgjev minst to referansar med kontaktinformasjon, då desse vil bli kontakta i prioritert rekkefølgje etter søknadsfristen.Arbeidsoppgåver
Førebyggjande politipatrulje
- Følgje opp kriminalitetsførebyggjande tiltak (kunnskapsbasert politiarbeid)
- Utføre naudsynt etterforsking på staden og følgje opp generelle straffesaker i driftseininga
- Vera IP4-personell og ein del av heilkontinuerleg turnusteneste
Etterforskar
- Etterforske dei prioriterte straffesakene i driftseininga i tett samarbeid med PEL
- Vera IP4-personell og ein del av helgeforsterkningspatrulje
Søkjar må vera førebudd på å bli omdisponert mellom dei ulike seksjonane, turnusteneste eller dagtid med helgeforsterkning.
Kvalifikasjonar
Nødvendige:- Bestått Politihøgskule
- Kjennskap til politiet sine datasystem
- Erfaring frå førebyggjande politipatrulje
- Erfaring frå etterforsking
- Vera IP4-godkjent eller kunne bli det snarast
- Anna relevant utdanning
- Sterk motivasjon for å arbeide ved ei lita driftseining med store avstandar, og i periodar få operative oppdrag
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner
- Tilpassingsdyktig
- Positiv og omgjengeleg
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, og du kjenneteiknast av å vera modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på.
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
- Stillinga vert løna som politibetjent 3 sko 1462, fra kr 526.500,-brutto per år, politibetjent 2 sko 1460, fra kr.468.500,- brutto per år, politibetjent 1 sko 1458, fra kr.432.800,- brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for mer info)
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar,
bakgrunnar, erfaringar og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Så langt det er mogleg, vil me tilretteleggje for medarbeidarar som har behov
for det.
Dersom det finst kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me
kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli
vurdert som søkjar i desse gruppene, altså for positiv særbehandling, må visse
krav vere oppfylte.
For eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp
relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en
eller innvandrarbakgrunn, oppmodar me deg til å krysse av for dette i
rekrutteringsportalen. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk
som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen: arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Eivind Obrestad Asheim, Seksjonsleder, Sauda, 45224789Kari Rørtveit, Seksjonsleder, Vindafjord, 48886264
Arbeidssted
Kyrkjegata 24200 SAUDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Vest politidistriktReferansenr.: 4899693327
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 10.02.2025
Om bedriften
Sør- Vest politidistrikt har omlag 520.000 innbyggjarar busett i 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland fylke, medan fem kommunar ligg i Vestland og ein1 i Agder fylke. Politidistriktet strekkjer seg frå Moi og Lund kommunar i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal, Hjelmeland og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur som legg godt til rette for rekreasjon, både ved fjord og i fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.
Politidistriktet har omlag 1.200 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytt til kontinentalsokkelen og etterforsking av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg leiar for redningsleiinga på Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.
Som medarbeidar i politiet ventar vi at du er modig og heilskapsorientert, og at du viser respekt og er tett på.
Den viktigaste målsettinga for distriktet er å gjere det vi kan for at samfunnet skal vera prega av tryggleik, lov og orden.
Sauda og Suldal politistasjon har administrasjonen i Sauda kommune og ein tenestestad i Suldal kommune. Politistasjonsdistriktet dekker Sauda kommune med omlag 4.800 innbyggjarar og Suldal kommune med omlag 3.900 innbyggjarar.
Etne og Vindafjord politistasjon har tenestestaden i Ølen i Vindafjord kommune. Politistasjonsdistriktet dekker Vindafjord kommune med omlag 8.800 innbyggjarar og Etne kommune med omlag 4.100 innbyggjarar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844520
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7aa37519145d4ae8875838c9f4ef3eb7