Overlege i barne- og ungdomspsykiatri
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Overlege i barne- og ungdomspsykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig fast stilling som overlege i barne- og ungdomspsykatri.
Vi er ein del av Avdeling for psykisk helsevern barn og unge. Avdelinga er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team - akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarn-spiseteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Som overlege ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfaglege team med bl.a. psykolog, pedagog og sjukepleiar.
Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her.
Poliklinikken har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
- Pårørande- og familiesamtalar
- Samhandling med fastleger og andre instanser i kommunene, bistå med rådgjeving og rettleiing
- Psykoedukasjon
- Medvirke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
- Ambulant behandling der det er hensiktsmessig
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist innan barne- og ungdomspsykiatri
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern eller med barn og ungdom er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
- Du er god til å kommunisere med pasientar og medarbeidarar
- Du er god til å arbeide strukturert og målretta
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, Toril.Kvisvik@helse-mr.noArbeidssted
Sykehusgata 26508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5025239688
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fddbf838-a060-4e4b-ba81-a5882ecad3a0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
46a6bdd656e946b8a81bfba57874fe71
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N
Ledig fastlegehjemmel med tilleggsavtale
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Bryggen medisinske senter
Sted
Kristiansund N
Ledig fastlegehjemmel
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Bryggen medisinske senter
Sted
Kristiansund N