Vikariat ergoterapeut eller fysioterapeut
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut eller fysioterapeut - Vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Ergoterapi og fysioterapitenesta har fem tilsette, som arbeider med førebygging, behandling og trening for born, vaksne og eldre. Tenesta hjelper og til med tilrettelegging og tilpasning av hjelpemidler. Tilbudet rettar seg mot personar som treng hjelp til å ivareta eller forbetre sin funksjonsevne.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Austevoll kommune har ledig vikariat som ergoterapeut frå oktober 2025 til september 2026 med arbeidsstad f.t Ergo- og fysioterapitenesta. Det er også mogleg for fysioterapeutar å søkje stillinga.
Ergoterapeut i stillinga skal i hovudsak arbeide inn mot born og unge i alderen 0-16 år i samarbeid med fysioterapeut i tenesta. Vi søkjer ein person som er engasjert i fagutvikling og som ynskjer å bidra til oppbygging av eit heilhetleg og tverrfagleg tilbod til born og unge. Fokusområda blir førebyggjande arbeid, rehabilitering, habilitering, tilrettelegging og hjelpemidler. Ergoterapeuten vil i stor grad arbeide på born sine arena i barnehage, ved skule, i heimen og ved Helsehuset. Aktuelle arbeidsoppgåver vil vera kartlegging, trening, screening og testing av born og unge. Andre arbeidsoppgåver er trening i basseng, ADL-trening, og tilrettelegging på born sine ulike arena.
I ergoterapeutstillinga blir tverrfagleg samhandling, arbeid med individuell plan og koordinator viktige arbeidsoppgåver, samt det å kunne veilede og formidle kunnskap til føresette, andre yrkesgrupper og samarbeidspartnere. Det må også påreknast arbeidsoppgåver inn mot andre brukergrupper i tenesta.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:- Autorisert ergoterapeut eller fysioterapeut
- Erfaring og kompetanse innan kommunehelsetenesta for born og unge er ønskeleg
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kjennskap til fagsystemet Profil
- Førarkort for personbil
- Det stilles krav om gode norskkunnskaper, både skriftlig og muntlig
- Fagleg engasjement, evne til å motivere og bygge gode relasjonar med brukara og kollegaer
- Søkar må vere personleg eigna til stillinga
- Fagleg engasjert og som likar å arbeide med mennsker
- Evne til god samhandling og til å jobbe tverrfaglig og i team
- Ansvarsbevisst og løysningsorientert
- Strukturert, fleksibel og sjølvstendig
- Systemforståelse og ferdigheter innenfor data- og fagprogrammer
- Stor arbeidskapasitet
- Personleg egnethet vektlegges
- Den som blir tilsatt må levere tuberkuloseattest og politiattest iht. forskrift
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt tverrfaglig samarbeid
- Helsehus med fine lokaler
- Bil i teneste
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fd42628e-33f1-432e-a065-a5fe96f40484
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258964