Kommunalsjef oppvekst og kultur
Kommunedirektør, Sande kommune
Primær Fylkesveg 61, 6084 Larsnes
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Vi ser etter deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og utvikle Sande kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar frå 1. januar 2026. Som medlem i kommunedirektøren si leiargruppe, vil du ha medansvar for samla drift og utvikling av heile organisasjonen i Sande kommune.
Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Vi søker ein toppleiar som har ambisjon om å skape det gode oppvekstmiljøet i lokalsamfunnet i lag med oss.
Arbeidsoppgåver
Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettrammer. Dette løyser du på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom involvering og bruk av eigen kompetanse. Kommunalsjefen har det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for sektoren. Du har ansvar for saksførebuing til politisk nivå og å følge opp politiske vedtak.
Som kommunalsjef evnar du å leie ein organisasjon og sektor som stadig er i endring. Du er ein samlande, løysingsorientert og nytenkande leiar med gjennomføringskraft.
Det er forventa at du som kommunalsjef har eit heilskapsfokus på arbeidet, og tek aktivt del i overordna kommunal planlegging og lokalsamfunnsutvikling. Du har eit aktivt forhold til samarbeid mellom kommunale og interkommunale einingar for å løyse dei utfordringane som ligg framfor oss. Tverrfagleg samarbeid er sentralt.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha skulefagleg kompetanse, minimum bachelorgrad og vidareutdanning innan leiing
- Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter knytt til sektoren sine ansvarsområde
- Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring primært innan offentleg verksemd
- Leiarerfaring der du har hatt sjølvstendig ansvar for fag, personal og økonomi
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner, i tillegg til relevant digital kompetanse
- Søkjaren må meistre nynorsk, sidan det er kommunen sitt administrasjonsmål
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- er ein sterk og tydeleg leiar som evner å gjennomføre endringar med fokus på god tenestekvalitet til innbyggarane gjennom samla innsats
- skaper engasjement, er løysingsorientert og fleksibel
- medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- medverkar til eit godt partssamarbeid
- har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og å prioritere
- har god formidlingsevne, også når problemstillingane er komplekse
Vi tilbyr
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Ein spanande jobb med allsidige oppgåver
- Deltaking i intern leiarutvikling
- Deltaking i interkommunalt nettverk
- Høve til etter- og vidareutdanning og fagleg oppdatering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.1 Leiar Stillingskode:9440 Kommunalsjef
Tilsetting i samsvar med gjeldande lov- forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.
Kontaktinformasjon
Renathe Rossi Aglen, kommunedirektør, 94881303, renathe.rossi.aglen@sande.kommune.noArbeidsstad
Primær Fylkesveg 616084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 4986203634
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fd155b72-a7c0-408f-a475-a17843444f4a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40c2c91b22fd40948266b40de0e8c77b