Hopp til innhold

Lagermedarbeidarar

Arbeidsgiver

Saferoad Vik Ørsta

Sted

Nørestranda 383, 6152 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Lagermedarbeidarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 5. juni

Vil du vere med på å styrke laget vårt som lagermedarbeidar?

Saferoad Vik Ørsta ser etter ryddige, systematiske og detaljorienterte medarbeidarar som kan bidra til å få ut rett vare til rett kunde til rett tid. 

Som lagermedarbeidar vil du sikre at produkta våre er rett pakka og merka. Norke produkt skal også delvis monterast før sending, så produktkunnskap er ein viktig del av den kompetansen du vil bygge. 

Hovudoppgåver vil vere:
  • Montering og ferdigstilling av varer
  • Pakking, merking og klargjering av ferdige varer til sending
Vi ser etter deg som:
  • Kan bidra positivit inn i eit team
  • Er fleksibel og ikkje er redd for å ta i eit tak når det trengst
  • Har gode haldningar og lyst til å lære

Det er ein fordel om du har trucksertifikat. Vi gir nødvendig opplæring og kursing og du vil få muligheit til å ta fagbrev. 

Slik søkjer du:

Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.

Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss:

Arbeidsleiar Markus Halse, tlf. 942 51 216.


Flytte til Ørsta?

Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.

I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.

Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?


Stolte av produkta våre spør du?

- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.

Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta!

Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!

Video: Nanseth Media

Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea

Kontaktperson for stillingen

Markus Halse

Arbeidsleiar

+4794251216

markus.halse@saferoad.com

Om bedriften

Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette. 

Les meir om Saferoad Vik Ørsta på www.vikorsta.no

Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad Group. Saferoad Group er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.

Les meir om Saferoad på www.saferoad.com

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fd0108c5-2a7a-4b0e-a9b0-99bcf63e3b36

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10297253

Lignende annonser

Laster lignende annonser