Ergoterapeut
Ergoterapi og velferdsteknologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. juli
Vi har ledig eit vikariat i 50% stilling som ergoterapeut ved Førde sentralsjukehus, med oppstart etter avtale i august 2025. Vikariatet varer fram til 28. august 2026.
Seksjon Ergoterapi og velferdsteknologi er ein del av avdelinga for Samhandling og tverrprofesjonelle tenester. Ergoterapeutane våre yter tenester til alle dei kliniske avdelingane ved sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber pasientarbeid knytt til fagområda rehabilitering, ortopedi og nevrologi. Ein må også rekne med å ta andre oppgåver ved behov.
- Du blir ein del av eit fagleg fellesskap på 8 ergoterapeutar. Vi samarbeider tett med andre yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitet, diplom og bachelorgrad
- Norsk autorisasjon ergoterapeut
- Det er ønskjeleg med erfaring eller praksis frå sjukehus
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter deg med gode samarbeidsevner, evne til å jobbe sjølvstendig og med fleksibilitet til å ta nye oppgåver på kort frist.
- Personlege eigenskaper blir tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Den som blir tilsett blir ein del av eit aktivt tverrfagleg miljø, med gode kollegaer og spennande arbeidsoppgåver
- Vi kan tilby ein utfordrande og variert jobb, nært samarbeid med andre faggrupper og tilhøve for fagleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Susanne Nakken Olsen, Seksjonsleiar, (+47) 99 25 34 50Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4990117916
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Susanne Nakken Olsen
Seksjonsleiar
(+47) 99 25 34 50
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fcf34f3b-f4ef-47ef-9664-75472ac89c4c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c276a5b4ca2b4aac9a710aa570c121e4