Fysioterapeut 50-100% fast stilling
Bokn kommune Helse- og omsorg
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Eining for helse og førebyggjande tenester består av psykisk helse- og rusteneste, fysioterapeut, friskliv-, læring og meistring. Eininga er lokalisert på Boknatun.
Arbeidsoppgåver i stillinga
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til arbeid med å hjelpe barn og vaksne med nedsett funksjon, slik at desse opplev mest mogleg meistring og fungering i kvardagen, samt fokus på førebyggjande arbeid.
- Oppgåver knytt til hjelpemiddel
- Syn- og høyrsels kontakt, dette i samarbeid med ergoterapeut
- Samarbeid med ulike einingar i kommunen
- Bidra til utvikling av tenesta
For oss er det viktig at det arbeidet vi utfører har høg kvalitet. I vår arbeidskvardag støtter vi oss difor på faglege retningslinjer, forsking og erfaring.
Kompetansekrav
- 3 -årig vidareutdanning på høgskule som fysioterapeut
- Erfaring frå arbeid med barn og/eller vaksne
- Kommunikasjonsferdigheiter og evne til å motivere
- Sertifikat klasse B
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
Personlege eigenskapar
Vi er på utkikk etter ein person som er sjølvstendig, imøtekommande, samarbeidsvillig, kreativ og fleksibel, og som har eit positivt menneskesyn.
Arbeidsgjevar tilbyr:
- Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
- Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
- Stor påverknadskraft og å ha ei sjølvstendig rolle
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem – www.bokn.kommune.no – «ledige stillingar». Attestar og vitnemål treng ikkje leggast ved søknaden, men tas med på eit eventuelt intervju. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2894355
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3481101_240715_nn