Reinhaldsoperatør/Reinhaldar
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald/ Reinhald seksjon 8, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Hospitaldrift Reinhald har ledige stillingar som Reinhaldsoperatør/Reinhaldar. Vi har ledig ein fast 100% stilling med oppstart 1. januar, samt eit 100% ettårig vikariat med mogleg forlenging.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
- Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
- Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team
- Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
- Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
- Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sedina Delanovic, Seksjonsleiar, 97083640Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5032352003
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Sedina Delanovic
Seksjonsleiar
97083640
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fcc3694a-37f5-49bd-9678-843618c0d4cf
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cdc74a7d88514fbc9eac89467793bdeb
Lignende annonser
Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald/ Renhald seksjon 6, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport/ Forsyningstenesta, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Renholder (virksomhet /privat)
Arbeidsgiver
Renalti As
Sted
Bergen