Kommunalsjef
Sektor for samfunnsutvikling, Herøy kommune
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef for samfunnsutvikling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vil du bidra til berekraftig utvikling av Herøy kommune og er ein dyktig lagspelar? Då er det kanskje deg vi ser etter.
Vi søker deg som vil legge til rette for eit attraktivt og aktivt lokalsamfunn, og som vert motivert av resultat i jobben du og medarbeidarar gjer. Du trivst med leiing, evnar å gi tillit til medarbeidarar og er ein god samtalepartnar. Vidare ser du samanhengar og bidreg til samarbeid på tvers. Du vil vere pådrivar til fornying, utvikling og drift av kommunalområdet og sit tett på beslutningsprosessane. Arbeidet skjer i grensesnittet mellom politikk og administrasjon og gir deg ei unik moglegheit til å vere med på utviklinga til Herøy kommune.
God kunnskap om lokalt næringsliv kan vere ein fordel. Vi treng ein leiar som kan sikre utvikling og gode tenester innanfor sektoren i samarbeid med folkevalde, administrasjon, innbyggarar, næringsliv og frivillige. God prosesskompetanse er vesentleg, og du er oppteken av å sikre medverknad og involvering.
Som kommunalsjef vil du mellom anna få ansvar for å sikre framdrift på ulike samfunns- og utviklingsprosjekt. Vi ser difor etter ein leiar som har sterk gjennomføringsevne, og kan leie laget i sektoren. Arbeid med klima og berekraft står sentralt, og det er nødvendig at også du ser kor viktig dette er. Herøy kommune skal sikre at klima vert ein faktor i våre arbeids- og beslutningsprosessar.
I stillinga som kommunalsjef for samfunnsutvikling har du eit overordna ansvar for avdelingane eigedom, anlegg og drift, utvikling, brann og landbruk. Kommunalsjef for samfunnsutvikling rapporterer til kommunedirektøren og tek del i kommunedirektøren si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- overordna ansvar for personal, økonomi, herunder budsjett, og resultat i sektoren
- overordna ansvar for HMS og internkontroll i sektoren
- organisasjons- og leiarutvikling i sektoren, og sikre og vidareutvikle gode og effektive tenester
- støtte leiarane i sektoren, og utvikling av deira avdelingar
- kommunisere klare mål og forventninger, både for organisasjonen, leiarar og medarbeidarar
- sørge for gode beslutningsgrunnlag
- involvere medarbeidarar, tillitvalde, verneteneste, innbyggarar og brukarar i forbetringsprosessar
- representere kommunedirektøren i folkevalde utval
- følge opp politiske vedtak
- ta del i og bidra til godt samarbeid med næringslivet om utvikling av Herøy kommune
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- god kunnskap og forståing av økonomi og organisasjon
- god kjennskap til fagorganisasjonar si rolle i medverknad og medbestemming
- god kunnskap om kommunal forvaltning
- relevant erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid
- leiarerfaring, gjerne på høgare nivå i offentleg sektor
- god forståing av samspelet mellom politikk og administrasjon
- god digital kompetanse og engasjement knytt til auka digitalisering
- svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å sjå gode, strategiske løysingar.
- Du kan tenke heilskapleg og ha sterk gjennomføringsevne.
- Du tek initiativ, engasjerer og har evne til å skape tillit.
- Du er god til å bygge relasjonar både internt i organisasjonen, men også eksternt med ulike aktørar.
- Du likar å arbeide i grensesnittet mellom tilsette, innbyggar, utbyggar og folkevalde.
- Du likar høgt tempo og arbeider godt under press.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i tilsetjingsprosessen i tillegg til kompetanse og erfaring.
Vi tilbyr
- spanande, utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmijø med fagleg sterke og engasjerte medarbeidarar
- eit sterkt og støttande leiarteam
- konkurransedyktig løn og arbeidsvilkår
- pensjons- og forsikringsordning i KLP
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Trond Arne Rossi Aglen, Kommunedirektør, +47 93267684Arbeidsstad
Rådhusgata 76090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4906369701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Trond Arne Rossi Aglen
Kommunedirektør
+47 93267684
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.
«Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2841499
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3797887003e940e9ba8b45dd0e5dc7d4