Voss kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjeverje/dagleg leiar
Knif jobb
Uttrågata 5, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjeverje/dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Voss er ein kommune med nærare 16.500 innbyggjarar, kor 76 % er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkjekontoret i Uttrågata 5 er knutepunkt for dei kyrkjelege tenestene og gravplassforvaltinga i kommunen.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER
Som kyrkjeverje er du dagleg leiar for fellesrådet si verksemd og har overordna ansvar for HR, økonomi, administrasjon, gravplassforvaltning og drift av bygg og eigedomar. Du er arbeidsgjevar for 25 tilsette, førebur og følgjer opp vedtak som blir gjort i fellesrådet og er i dialog med Voss herad. Du bidreg til tett samarbeid mellom sokna og prosten som leiar prestetenesta i Hardanger og Voss prosti.
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver for kyrkjeverjen:
- arbeide langsiktig ut frå vedtekne planar og budsjett
- leie og utvikle staben og sørge for eit godt arbeidsmiljø
- sørge for effektiv organisering og tenester av høg kvalitet
- ha god økonomistyring og sjå til at tildelte økonomiske midlar forvaltast effektivt
- vidareutvikle dialogen med politisk og administrativ leiing i kommunen
- skape engasjement for og bidra til vidareutvikling av det lokale kyrkjelydsarbeidet
- drifte, vedlikehalde og utvikle kyrkjebygg og kyrkjegardar
DIN PROFIL
Vi søker etter ein strukturert og handlekraftig person med gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er god til å kommunisere, bygge relasjonar og legge til rette for samarbeid og synergiar. Vi ønsker ein leiar som kan være ein stolt ambassadør for kyrkja i Voss.
Vidare ser vi før oss at du
- har relevant høgare utdanning
- har leiarerfaring, også erfaring med personalleiing og økonomistyring
- er god til å lede ei samansett og fagleg sterk personalgruppe
- er engasjert og motivert
- har god digital kompetanse
- har kjennskap til prosjektarbeid/prosjektstyring
- har kjennskap til Den norske kyrkja
Me nyttar nynorsk som administrasjonsspråk. Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Vi oppfordrar deg til å søkja på stillinga som kyrkjeverje i Voss sjølv om du ikkje kjenner deg att i absolutt alt som er nemnt utlysinga. Personlege eigenskapar blir vektlagde.
KVIFOR VOSS KYRKJELEGE FELLESRÅD?
- Du får ein variert og utfordrande arbeidskvardag med eit bredt spekter av arbeidsoppgåver.
- Du får påverka og forma stillinga som kyrkjeverje i tett samarbeid med assisterande kyrkjeverje.
- Du får ta del i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og motiverte kollegaer.
- Du vil kunne dra nytte av din eksisterande kompetanse samstundes som du får høve til å styrkja kompetansen din innan fleire fagfelt.
- Du får tilbud om kurs og nettverk for erfaringsdeling, bl.a. gjennom Hovedorganisasjonen KA.
- Du får gode og sentrale kontorfasilitetar.
- Du får konkurransedyktige betingelser.
- Du får arbeide i en kommune omkransa av fjell og med fantastiske moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
Vi tilbyr lønn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor (Hovudorganisasjonen KA) og gode pensjons- og forsikringsordningar. Den som tilsettast må være medlem i Den norske kyrkja og kunne legge fram politiattest.
Det vil verte utarbeidd offentleg søkjarliste. Du kan søkje om unntak frå offentlegheit. Viss unntak ikkje kan gjevast, får du moglegheit til å trekkja søknaden din.
For meir informasjon, kontakt vår rekrutteringspartner Knif Jobb ved
- Marit Ecklo Brevik, tlf. 907 24 333
- Siren Wickstrøm, tlf. 943 05 282
Vis di interesse for stillinga ved å registrera søknad og CV i Webcruiter snarast. Attestar og vitnemål leggjast ved søknaden. Alle førespurnader vert handsama konfidensielt, i innleiande fase òg overfor oppdragsgjevar dersom det er ynskjeleg.
Søknadsfrist: Snarest – Søknader vert handsama fortløpande.
Kontaktinformasjon
Marit Ecklo Brevik, Rådgiver, +47 907 24 333, meb@knifjobb.noSiren Wickstrøm, Rådgiver - research & analyse, +47 943 05 282, sw@knifjobb.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Knif jobbReferansenr.: 4969762331
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2025
Om bedriften
Den norske kyrkja i Voss omfattar seks sokn med kyrkjelydsarbeid retta mot ulike alders- og målgrupper: Voss, Granvin, Raundalen, Vinje, Oppheim samt Evanger og Bolstadøyri.
Voss kyrkjelege fellesråd er eit fellesorgan for sokna og består av ein representant frå kvart sokn, soknepresten og ein representant frå Voss herad. Kyrkjeverja er sekretær for rådet. Fellesrådet utarbeider mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen, tek seg av administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, fremjar samarbeid mellom sokneråda og sokna sine interesser ovanfor kommunen. Vidare er fellesrådet ansvarleg for anlegg, drift og forvalting av kyrkjene og gravplassane i Voss herad.
Fellesrådet tilset kyrkjeverje. Kyrkjeverja er dagleg leiar, arbeidsgjevar for dei tilsette og den som førebur saker til og følgjer opp vedtak frå fellesrådet.
For meir informasjon, sjå Voss kyrkjelege fellesråd.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fc8e387a-3a55-473c-8ffa-2bef037a94eb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
64e200752e844612bb54d369ac36270a