Avdelingsdirektør/stabsdirektør
Regionskontor-stab, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsdirektør/stabsdirektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Til deg som ønsker leiarstilling i ei verksemd med det viktigaste samfunnsoppdraget. Bufdir og Bufetat sitt samfunnsoppdrag er at vi skal bidra til ein trygg barndom, gode oppvekstsvilkår, og trygge familiar i eit inkluderande og likestilt samfunn.
Det er ikkje kven som helst som er med og byggjer laget rundt barn og familiar som treng hjelp, støtte og omsorg. Vil du vere drivkrafta som gjer at barn, unge og familiar får rett hjelp når det trengst – i Vestland og Rogaland?
Ved Barne-, ungdoms og familieetaten, region vest, er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsdirektør for staben ved regionkontoret (stabsdirektør). Avdelingsdirektør rapporterer til regiondirektør og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består av regiondirektør, tre avdelingsdirektørar med særskild ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. Arbeidstad for stillinga er Bergen, med ansvar og samarbeid på tvers av heile regionen. Nokre reisedøgn må påreknast, samtidig som vi har godt utbygde, moderne videokonferanseløysingar i alle tenesteområda.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg for tida leiinga av Seksjon for fagleg støtte, Seksjon for tenestestøtte, Seksjon for verksemdstyring, Seksjon for HR, Kontorfagleg eining og eit eigedomsteam. Til saman jobbar det rundt 55 medarbeidarar i staben.
Du får ansvaret for å:
- leie seksjonssjefane i Seksjon for fagleg støtte, Seksjon for tenestestøtte, Seksjon for HR, Seksjon for verksemdstyring, Kontorfagleg Eining og eit eigedomsteam
- sikre samordning og utvikling av staben i regionen slik at den gir best mogleg støtte til våre einingar og leiarar.
- sikre gode analysar av økonomi og aktivitet i regionen.
- bidra til god styring av einingane i regionen.
- samordne og utarbeide svar på bestillingar og rapportering til direktoratet.
- leie og bidra til leiing av utviklingsprosjekt i regionen.
- bidra til strategisk utvikling av regionen.
Kvalifikasjonar
Vi ønsker deg som har:
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarande mastergrad.
- relevant utdanning kan til dømes vere innan økonomi, statsvitskap, helse- og sosialfag, juss og leiing.
- god forståing for samspel mellom stab og linje.
- leiarerfaring, gjerne erfaring frå leiing av andre leiarar.
- samfunnsfagleg forståing og innsikt i offentleg forvaltning.
- særskilt god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Du må kunne nytta relevante fag- og administrative IKT-system på ein effektiv måte.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker oss deg som:
- er engasjert og blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar.
- har høg arbeidskapasitet og handterer mange og komplekse oppgåver i eit til tider høgt tempo.
- er strukturert og analytisk og har evne til å tenkje heilskap og tverrfagleg.
- skapar framdrift og har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt.
- har evne til strategisk planlegging og er dyktig på å motivere og utvikle gode strukturar for samarbeid.
Personleg eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, med løn fra kr 1 050 000 pr. år til kr 1 250 000 pr. år.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- For særskilt kvalifiserte søkarar, kan høgare løn avtalast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Vi tilbyr og deltaking i Bufetat si eiga leiarskule og leiarsamlingar både for regionleiinga, leiarar regionalt og leiarar nasjonalt
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Regionkontoret.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Kontaktinformasjon
Marianne Kildedal, Regiondirektør, 450 65 450Hilde Baardsen, Avdelingsdirektør, 466 19 087
Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5064293867
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Baardsen
Avdelingsdirektør
466 19 087
Marianne Kildedal
Regiondirektør
450 65 450
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fc4f52cd-60b5-49b8-97c2-e9c5837d46cf
- Sist endret
14. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bcf3934cb6db4527847f2a4026de293a
Lignende annonser
Kommunaldirektør eldre, helse og omsorg
Arbeidsgiver
Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Den høyere påtalemyndighet
Sted
Molde, Bergen, Stavanger
Arbeidsgiver
Den høyere påtalemyndighet
Sted
Bergen