Bli vår nye helsesekretær
Merkantile tjenester, somatikk Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100 % fast stilling i merkantile tenester - arbeidsoppgåver for tida knytt til fagområdet mage-tarm ved medisinsk poliklinikk.
Dersom det ved utløp av søknadsfrist skulle vere fleire ledige stillingar, vil tilsetjing skje i søkjarmasse som føreligg.
Tiltreding etter avtale med leiar.
Merkantile tenester i Klinikk for somatikk Stord ivaretek kontorfaglige oppgåver i medisinsk avdeling, kirurgisk avdeling, føde- og gynekologisk avdeling, rehabiliteringsavdeling og akuttmottak. I tillegg har vi ansvar for henvisningsmottak, skanning, arkiv, sentralbord og resepsjon. Vi har omlag 20 årsverk og er ein viktig støttefunksjon til gode og trygge pasientforløp.
Som ein av våre tilsette er du sjukehuset sitt ansikt utad. Vi ser difor etter ein medarbeidar som har godt humør og kan yte god service!
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for timeoppsett og ventelisteadministrering innanfor fagområdet gastromedisin
- Timeoppsett til andre fagområde i poliklinikken som hjarte, lunge m.fl.
- Oppfølging av pakkeforløp kreft
- Oppfølging av fristbrot
- Bestille blodprøvar
- Besvare henvendingar på telefon og ved fysisk oppmøte
- Oppfølging av rapportar i journalsystemet DIPS
- Følgje opp ryddelister og uferdiglister i DIPS
- Følgje opp arbeidsgrupper i DIPS
- Ekspedisjonsarbeid
- Være ein pådrivar for å oppdatere og utvikle ansvarsområdet
Kvalifikasjonar
- Stillinga krev helsefaglig kompetanse, gjerne med erfaring frå arbeid innanfor fagområdet gastromedisin
- Har du nokre år i klinisk arbeid, men ynskjer å jobbe kontorfaglig kan du vere rette kandidaten for oss
- Du har utdanning som helsesekretær med autorisasjon, medisinsk sekretær eller anna helsefaglig utdanning
- Erfaring frå arbeid i sjukehus vert vektlagt, men er ikkje avgjerande då opplæring vil bli gitt
- Det er ynskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- er fagleg interessert og bidreg til å utvikle både deg sjølv og ansvarsområdet ditt
Vi tilbyr
- God opplæring i datasystem og arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt fagmiljø
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Faglig utvikling gjennom digitale kompetanseplanar, fagdagar og kurs.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Eunike Risnes, Funksjonsleiar - Merkantil tenester, +47 45010444Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4874100368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2770818
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0cf4134a7f064d158a40629089ae2f40