Sjukepleiar/spesialsjukepleiar, Psykosepost
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Florav 75, 5535 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. november 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100% fast stilling med turnusarbeid kvar tredje helg.
HAUGALAND DPS
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus med opptakskommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
HDPS har i dag 25 døgnplassar fordelt på ei psykoseavdeling og to allmennpsykiatriske avdelingar.
Psykoseposten har eit eige utgreiingsteam som i hovudsak består av psykologar og legar, som skal sikra at pasientane blir tilbydd heilskapleg og evidensbasert utgreiing, med fokus på brei differensialdiagnostikk og tydeleg definert link mellom utgreiing, diagnose og behandlingstilbod. Av behandling tilbyr vi medikamentell behandling og psykoterapi /samtalebehandling. Vidare blir det gitt tilbod om familiearbeid, IMR - grupper, musikkterapi og livsmestringsgrupper
Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingar på døgn bli ledig.
Arbeidsoppgåver
- Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet, du vil derfor få ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande.
- Nært samarbeid med aktuelle eksterne instansar.
- Opplæring og rettleiing av studentar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Det er ønskeleg med vidareutdanning innen rus/psykiatri men relevant erfaring kan vektleggas
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Behandle pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Personlege eigenskaper og relevant erfaring blir vektlagd.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Katrine Holgersen Warvik, Funksjonsleiar, 90766635Arbeidsstad
Florav 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4710994791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2023
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2442240
- Hentet fra
talentech
- Referanse
785b2aa6f026424fbc1e2f8c3aa3ed12