Avdelingsleiar Ørstaheimen avd. Bakketun
Helse omsorg og velferd - Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. juni
I Ørsta kommune er det frå 1.10.2025 ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar i tenesteområdet omsorg og sjukeheim, med f.t. Bakketun som tenestestad. Bakketun er ei skjerma avdeling med 16 plassar for menneske med demens , fordelt på to grupper. Vi søkjer vi ein tydeleg, engasjert og omstillingsdyktig leiar som vil vere med å vidareutvikle avdelinga saman med eit dedikert og fagleg dyktig personale. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. I kommunalområdet Helse, omsorg og velferd har 13 av 11 døgnavdelingar allereie innført årsturnus. Denne avdelinga skal ta i bruk årsturnus med oppstart i desember 2025
Om stillinga:
Som avdelingsleiar for Bakketun vil du få ei sentral rolle. Du skal sikre at tilbodet held høg fagleg kvalitet I tråd med kommunen sin kvalitetsstandard, og bidra til god pasientflyt og samhandling mellom tenester. Stillinga inneber personalansvar, planlegging av drift og turnus, og ansvar for å leggje til rette for kompetanseutvikling i personalgruppa. Du blir ein del av tenesteleiar si leiargruppe, og vil samarbeide tett med andre avdelingsleiarar for å utvikle framtidsretta og berekraftige helsetenester. Avdelingsleiar har også det faglege og administrative ansvaret for dagavdelinga for menneske med demens (Hagestova).
Avdelinga er tilknytt sjukepleieteam, og vi har eit sterkt fokus på utvikling, samhandling og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Eit godt teamarbeid mellom avdelingane er avgjerande for å utvikle gode og berekraftige løysingar for framtidas helsetenester.
Som heiltidskulturkommune jobbar vi etter prinsippa for årsplanlegging og oppgåvedeling, og ønskjer ein leiar som vil vidareføre og vidareutvikle denne kulturen.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:
- Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå
- Oppfølging av tilsette
- Kvalitetutviklingarbeid og rapportering
- Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanlegging
Slagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap i samsvar med vedteken arbeidsgjevarstrategi.
Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. No arbeider vi målretta for å skape ein heiltidskultur i organisasjonen og leiarane våre er ein viktige medspelarar i dette arbeidet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i kommunalområdet sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.
Avdelingsleiarane i Ørsta kommune er pr. d.d. plassert på leiarnivå 3 i samsvar med intern oversikt over leiarnivå og organisasjonskartet vårt.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.
Vi vil særleg leggje vekt på følgjande:
- Leiarerfaring
- Off. godkjent sjukepleiar. Søkjarar med anna relevant 3-årig helsefagleg utdanning kan også verte vurderte for stillinga.
- Andre med relevant helse- og sosialfagleg utdanning, som vernepleiar og sosionom kan også vere aktuelle
- Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Kunnskap om turnusplanlegging. Fordel med erfaring frå turnusprogrammet ressurststyring (RS), men ikkje eit krav
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Du er tydeleg som leiar og du både støtter, utfordrar og stiller forventningar til dine medarbeidarar
- Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske med demens
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevne
- Evne til å inspirere og ta initiativ
- Kunne arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evne til å leie, motivere og skape resultat
- Ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine
- Omstillingsdyktig
Vi tilbyr
- Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3 Stillingskode 9454 Avdelingsleiar
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det kan bli nytta gruppeintervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Wenche Iren Flo, Tenesteleiar omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.noArbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4975123281
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig