Lærarvikar ved Introsenteret i Suldal
Suldal kommune Introsenteret
Rygjatunvegen 22, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Annet, deltid 1%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. januar
Introsenteret i Suldal har ansvar for etablering og kvalifisering for flyktningar og opplæring i norsk, samfunnskunnskap, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning på grunnskulens område. Eininga spelar også ei sentral rolle i det kommunale integreringsarbeidet.
Om stillinga:Me søkjer deg med fagleg kompetanse og samarbeidsevner som vil væra med å bidra til eit godt opplæringsmiljø for vaksne der kvalifisering og kompetanseutvikling mot arbeid og utdanning står sentralt. Du vil undervisa i norskopplæring etter Integreringslova og gjeldande læreplan og/eller grunnopplæring etter Opplæringslova og nye modulstrukturerte læreplanar i engelsk, naturfag, samfunnsfag, matematikk og/eller norsk. Omfanget av behovet for vikartimar er usikkert i og med faktorar som er vanskelege å føreseia.
Arbeidsoppgåver:- Undervisa i vaksenopplæring i eitt eller fleire av faga norskopplæring, engelsk, naturfag, samfunnsfag, matematikk og norsk.
- Følgja gjeldande læreplanar og opplegg
- Føra fråvær
- Samarbeida med lærarkollegiet og introtenesta om deltakarar
- Andre aktuelle oppgåver
- Pedagogisk bakgrunn og/eller erfaring
- Faglærarutdanning
- Kunnskap om og erfaring med vaksenpedagogikk og/eller spesialpedagogikk
- Tilfredsstillande IKT-kompetanse
- Erfaring med læringsbrett som undervisningsverktøy
- Fleirkulturell forståing
- Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring blir vurderte
- Du må vera innstilt på å samarbeida og samstundes ha evne til å arbeida sjølvstendig og målretta med undervisning og opplæring
- Du må vera fleksibel og positiv
- Du må trivast saman med deltakarar og kollegaar
- Ha gode kommunikasjonseigenskapar
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
- Kandidatar som ikkje kan arbeida 100 % blir også oppmoda til å søkja
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede og denne kan ikkje vera eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer Offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801959
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3434499_207211_nn