Vil du vere ferievikar hos oss i sommar?
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar ved Surnadal sjukeheim 2023
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
10
Vi treng vikarar på avdelingane, vaskeriet og ved kjøkkenet.
Faste tilsette i Surnadal kommune som kan tenkje seg å arbeide ekstra i ferietida treng ikkje å søke, men kan melde dette til konst.einingsleiar Jenny Nordheim.
Det same gjeld for deg som har ein tidsavgrensa avtale, t.d ekstrahjelp/tilkalling eller engasjement.
Det er fint om du skriv i søknadsteksten om kor mykje du kan arbeide og om det er veker som ikkje er aktuelle for å vere vikar.
Kvalifikasjonar:
Når det gjeld arbeide på avdeling, søkjer vi deg som er sjukepleiar eller sjukepleiestudent, vernepleiar eller vernepleiestudent, hjelpepleiar/helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
Om du ikkje har helsefagleg utdanning, men har lyst til å arbeide hos oss er du også velkomen til å søke. Legestudentar er også velkomne til å søke.
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene må du kunne kommunisere godt på norsk, både muntleg og skriftleg.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Ordinære ferievikarar hos oss må vere fylt 18 år når dei startar i jobb.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
- har gode samarbeidsevner og er rause og imøtekomande
- som kan arbeide systematisk og sjølvstendig
- som har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- opplæring og rettleeing
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- eit godt arbeidsmiljø med triveleg og flinke kollegaer
Ta gjerne kontakt med oss ved Surnadal sjukeheim om det er noko du lurar på!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2292495
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3139279_187099_nn