Vil du bli lærling som portør ved Stord sjukehus?
Lærlinger og viderutdanning, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 9. mai
Vi satsar på fleire lærlingar – er du den neste? Frå august 2025 kan du bli lærling i portørfaget ved Stord sjukehus!
Helse Fonna har allereie 46 lærlingar, og no opnar vi for fleire – også innan portørfaget. Hos oss blir du ein del av eit aktivt og lærerikt miljø der du får god støtte og oppfølging frå erfarne rettleiarar.
Som lærling på sjukehus får du ein variert og meiningsfull kvardag. Du jobbar tett med flinke kollegaer og spelar ei viktig rolle for at pasientane våre skal få god hjelp og tryggleik.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Forflytning av pasientar internt i sjukehuset på ein trygg og omsorgsfull måte
- Transport av medisinar, utstyr og senger
- Andre støttefunksjonar for sengepostane
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fullført og bestått VG1 Helse- og oppvekstfag
- Fullført og bestått VG2 Ambulansefag, Helsearbeiderfag eller Helseservicefag
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Interesse for digitale løysningar
- Kunne bruke M365 på grunnleggande nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- tek initiativ og er fleksibel i ein variert arbeidskvardag
- kommuniserer godt og samarbeider fint med både kollegaer og pasientar
- handterer ein aktiv arbeidskvardag med ulike fysiske oppgåver
- viser motivasjon for faget og er lærevillig
- vågar å ta i bruk ny kunnskap
- er pliktoppfyllande og engasjert i eiga utvikling
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet og er lett å samarbeide med
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
- Løn etter tariff for lærlingar
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit spennande godt arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Robert Holmstrøm, Avdelingsleiar, 992 88 040Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4955960074
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 09.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Robert Holmstrøm
Avdelingsleiar
992 88 040
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2920436
- Hentet fra
talentech
- Referanse
95bfb7f352044b74a9caf153dd1b95bf