Hopp til innhold

100% stilling som miljørettleiar ved Odda barneskole

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Odda barneskule

Sted

Skulegata 2, 5750 Odda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Ullensvang kommune Odda barneskule 100% stilling som miljørettleiar ved Odda barneskole

 

Odda barneskole er ein barneskule, 1.- 7. trinn, med ca 310 elevar og omlag 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda
og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med
tre/to  parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor,
to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i ein mindre delstilling. Personalet 
består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar.


Arbeidsoppgåver: 
  • oppfølging av enkeltelevar med ulike behov 
  • arbeid i både skule- og SFO-tid 
  • kartlegging, observasjon og analyse av elevatferd 
  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel
  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet
  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette

Kvalifikasjonar: 

Relevant høgskole-/ universitetsutdanning, for eksempel barnevernspedagog, vernepleier eller sosionom.
Annen relevant utdanning kan også vurderes.


Vi ser etter deg som:
  • likar å arbeida med barn og unge
  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar
  • er sjølvstendig og fleksibel
  • har gode samarbeidsevner
  • er robust, omsorgsfull og tolmodig
  • er løysningsorientert og initiativrik

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga.


Vi tilbyr:
  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge
  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer
  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
  • Politiattest
  •  

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

     

    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

     

    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    fc14a9e3-809b-4c58-9ef7-ca3f56e66ce9

    Sist endret

    17. november 2025

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3557885_193931_nn

    Lignende annonser

    100% stilling som miljørettleiar ved Odda barneskole - arbeidsplassen.no