Bokn kommune søkjer vernepleiar
Bokn kommune Bokn skule
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar eller tilsvarande høgskuleutdanning 100% stilling i Bokn kommune
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
Bokn skule er frå skulestart 2026 ein fådelt skule 1-10 med 80 elevar. Me er opptatt av å skape eit inkluderande læringsmiljø og eit godt psykososialt miljø for elevar og tilsette. Skulen ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn.
Pleie- og omsorg i Bokn Kommune består av heildøgnsomsorg i institusjon (Sjukestova), heimetenesta og Bu- og aktivitet. Det er 16 sengeplassar og 12 omsorgsbustadar som ligg i flukt med sjukestova og 3 leiligheitar som er tilknytta Bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun.
Me ynskjer ein som er fleksibel og som kan arbeida både i skule, SFO og på bu- og aktivitet. Frå august 2026 vil arbeidsstad vera tilknytt skulen, men dette kan endre seg over tid og ved ulike behov.
Det kan på sikt bli aktuelt med 3 delt turnus med helgearbeid, kveld og natt ut frå brukarar sitt tenestebehov.
Arbeidsoppåver:- Arbeid med barn med særlege behov i skulen og avlastning.
- Bidra til eit trygt og godt miljø for barn og unge.
- Samarbeide med laget rundt elevar for at born meistrer kvardagen, og gje dei tryggleik, trivsel og omsorg.
- Støtte elevar i læringsprosessen og sosiale situasjonar.
- Ordinære pleie- og omsorgsoppgåver
- Tillitsskapande miljøarbeid
- Autorisasjon som vernepleiar eller annan relevant høgskuleutdanning
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, gjerne innan skule eller SFO.
- Erfaring med førebygging og handtering av utfordrande åtferd er ein fordel.
- Erfaring med ASK og ulike program for oppfølging av born og unge med særskilte behov er ein fordel.
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskaper:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig og strukturert
- Kan gje og ta imot rettleiing
Me kan tilby:
- Ein variert og spanande arbeidskvardag
- Moglegheit til å hjelpa barn og ungdom til å oppfylla og utvikla sitt potensiale
- Godt arbeidsmiljø med positive og ivrige elevar, dedikerte tilsette og engasjerte foreldre
- Offensiv teamjobbing og moglegheiter for å påverka eigen arbeidssituasjon innanfor gitte rammer
- Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande lovar og tariffavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fbffc713-ab54-4359-af4e-5c42c0d06ee3
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3625267_241055_nn