Avdelingsleiar Heimebasert omsorg 100%
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Heimebasert omsorg 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vanylven kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i heimebasert omsorg.
Heimebasert omsorg i Vanylven kommune tilbyr tenestar som gir pleie, omsorg og behandling til personar som bur i eigen heim. Målet er å yte hjelp til enkeltpersonar og familiar i situasjonar der personane sjølv ikkje kan ivareta si eiga helse.
Heimebasert omsorg har gjennomført eit større endrings- og omstillingsarbeid for å imøtekome behov for framtidas helsetenestar. Avdelinga har god fagleg kompetanse og dedikerte medarbeidarar som bidreg til gode tenester og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Som leiar blir du eit viktig bindeledd for nettopp dette. Du får moglegheit for å bidra til produktive og effektive helsetenester til innbyggarane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar skal ha det faglege og administrative ansvaret innanfor avdelinga sine rammer. Avdelinga har omlag 20 årsverk, og oppgåver knytt til helsetenester i heimen, praktisk bistand, støttekontakt, avlastning utanfor institusjon og BPA. Heimebasert omsorg er eit stort og krevjande tenesteområde og avdelingsleiar skal bidra til å vidareutvikle tenesta for å kunne gi kommunen sine innbyggjarar eit godt tilbod i dag og i framtida. Stillinga inngår i kommunalsjefen sitt leiarteam.
Arbeidsoppgåver som inngår i stillinga:
- Drifts- og personalansvar
- Kvalitet- og utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Sørge for ei forsvarleg teneste
- Bidra i vurdering og kartlegging for vedtak
- Bidra med sjukepleiaroppgåver ved behov
- Internkontroll
- Arbeidstidsplanlegging
- Sjukefråværsoppfølging
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- Erfaring frå leiingsrelatert arbeid er ønskeleg, evt vidareutdanning innan leiing
- Evne til god økonomistyring
- God IT kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Sertifikat kl B
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg leiar som er positiv, trygg og engasjert i rolla
- Du evnar å motivere og vidareutvikle dine medarbeidarar
- Du balanserar strategisk tankegang med fokus på dagleg drift
- Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevne
- Du er ein lagspelar
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er ein problemløysar
- Du er resultatorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stillinga.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale og villkår jmf. lønspolitisk plan
- Nedbetaling av studielån 15% pr år, inntil 28.000
- Godt og fagleg sterkt miljø med engasjerte medarbeidarar og leiarkollegaer
- Fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi har fokus på kvalitetsarbeid og forbetring av tenestane.
Kontaktinformasjon
Karoline Lundås, Kommunalsjef for helse og omsorg, +47 90870942Arbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4936603957
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Karoline Lundås
Kommunalsjef for helse og omsorg
+47 90870942
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2887347
- Hentet fra
talentech
- Referanse
86c1588384b64bc39eb7a636440f2035