Seniorkonsulent ved seksjon for forlik
Vest politidistrikt
Strøkaien 7, 5008 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Seniorkonsulent FSR forlik
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. juli
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for sivil rettspleie (Namsfogden), seksjon for forlik er det ledig ei fast stilling i 100% som seniorkonsulent (stillingskode 1363).
Felles eining for sivil rettspleie har fagansvar for sivil rettspleie i Bergen og i Vest politidistrikt. Eininga består av fire seksjonar, og har om lag 60 tilsette. Seksjon forlik har for tida 6 tilsette, og er prega av eit godt arbeidsmiljø.
Ansvarsområdet til stillinga er i hovudsak saksbehandling av dokumentoverlevering på oppdrag frå dei ulike rettsinstansane, inkassobyrå og andre aktørar kor "bevitna om overlevering" er lovpålagd.
Stillinga er stadsplassert i Bergen.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og kjempa mot kriminalitet, skapa tryggleik og ta vare på rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer deg som er motivert, sjølvstendig og kvalitetsbevisst. Som seniorkonsulent skal du kunne drive sjølvstendig saksbehandling med høg grad av skjønnsvurdering, og med avgjerdsmynde innan eigen portefølje.
Arbeidsoppgåver
- Forkynne via "internt" utvikla løysing
- Personleg forkynning; oppsøkje mottakar på bopæl, alternativt på arbeidsplass
- Kommunikasjon og oppfølging overfor Hordaland tingrett og andre eksterne oppdragsgivarar
- Registrering av oppdrag i PO/Sivil
- Øvrig sjølvstendig saksbehandling innan sivile oppgåver
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Det er i stillinga uteoppdrag som kan medføra at det blir nødvendig å trekka seg raskt ut av oppdraget.
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Minimum 3-års utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særkilde høve (minimum 5 år) erstatte kravet til utdanning
- God IT- og systemkompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
- God munnleg og skriftleg framføring
- Førarkort klasse B
- God fysisk og psykisk helse
- God munnleg framstilling på engelsk
- Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ønskeleg
- Erfaring frå offentleg sektor vert vektlagt
- Erfaring frå sivil rettspleie vert vektlagt
- Kunnskap om avtaleverket i staten er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt
- Gode samarbeidsevnar og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å tileigna seg ny kunnskap
- Må kunne handtere endringar på ein positiv måte
- Vere serviceinnstilt og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
Løysingsorientert og med evne til å ta avgjerdar i pressa situasjonar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevissthet, du kjennetegnes av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Dette kan vi tilby om du velger oss
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som
- politiet forvalter
- Stillinga blir lønna som seniorkonsulent (stillingskode 1363) frå kr. 575 000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå
https://www.spk.no/ for meir info) - Gode arbeidsvilkår (til dømes fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, bedriftshelseteneste o.l.)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å skriva eit kort søknadsbrev, registrera utfyllande CV og leggja ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Gunn-Helen Elvik
Seksjonsleiar
+4790729342
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med om lag 611 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar.Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fbae6a38-b0bf-47bc-9f11-c71fa9f80d6d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255447