Hopp til innhold

Sjukepleiar - PSHT team

Arbeidsgiver

Medisinsk poliklinikk og dagbehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - PSHT team
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 1. august

Vil du vere med på å vidareutvikle eit betre og meir heilskapleg helsetenestetilbod for pasientar med samansette og/eller kroniske sjukdomar?

Vi har ledig ei 50 % prosjektstilling for sjukepleiar i Pasientsentrert helsetenesteteam (PSHT) frå snarast mogleg og til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer deg som ønskjer å kombinere klinisk sjukepleie med samhandling, koordinering og utviklingsarbeid. Du blir motivert av å finne gode løysingar på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta, og ønskjer å bidra til at pasientar med samansette behov opplever heilskaplege og trygge pasientforløp.

Pasientsentrert helseteam (PSHT) er eit tverrfagleg samhandlingsteam som arbeider for å skape heilheitlege og trygge pasientforløp for skrøpelege eldre og pasientar med samansette og kroniske sjukdomar. PSHT-teamet er knytt til både SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset) og DMS (Distriktsmedisinsk senter Kristiansund). Teamet samarbeider tett med kommunane og spesialisthelsetenesta, og bidreg både til betre utskriving frå sjukehus og til å førebyggje innleggingar gjennom tidleg og koordinert oppfølging.

Arbeidsstad er SNR Hjelset, men ambulerende verksemd må påreknast.

PSHT-teamet ved SNR/DMS består av lege, sjukepleiar, farmasøyt og prosjektressursar knytte til kommunane i Nordmøre og Romsdal.


Arbeidsoppgåver

  • Koordinere og følgje opp pasientforløp
  • Bidra til samanhengande oppfølging av pasientar med samansette behov
  • Samarbeide tett med kommunale tenester, fastlegar og sjukehusavdelingar
  • Delta i tverrfaglege vurderingar og møte
  • Bidra til utvikling av samhandlingsmodellar og arbeidsprosessar
  • Dokumentasjon i Helseplattforma
  • Delta i prosjekt- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Fordel med god kjennskap til digitale løsninger 
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du må trivast med å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg i team.
  • Du har interesse for samhandling.
  • Du arbeider strukturert.
  • Du er open for pasienten sitt perspektiv.
  • Du trivast med å arbeide med komplekse problemstillingar.
  • Vere interessert i bruk av teknologiske løysingar i samhandling med pasientar og andre samarbeidspartnarar.
  • Vere interessert i, og bidreg aktivt til, innovasjons- og utviklingsarbeid.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Eit felleskap i PSHT prosjektet Møre og Romsdal 
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fagutvikling og kompetanseheving
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Petter Rangnes, Avdelingssjef, Petter.Rangnes@helse-mr.no
Gudrun Karlsen, Prosjektleiar, Gudrun.Johannessen.Karlsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5153370650
Stillingsprosent: 50%
Prosjekt
Søknadsfrist: 01.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Gudrun Karlsen

Prosjektleiar

Gudrun.Johannessen.Karlsen@helse-mr.no

Petter Rangnes

Avdelingssjef

Petter.Rangnes@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fb2fa311-a036-4864-b2de-e2d8827831a9

Sist endret

10. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f641ea6ef37b446eb65876a595ae7c85

Lignende annonser

Laster lignende annonser