Engasjert sommarguide i Stordø Gruver
Geopark Sunnhordland As
Gruvevegen, 5415 Stord, Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Geopark Sunnhordland søkjer sommarguide til Stordø Gruver frå 03.juli til 11.august, onsdag til søndag.
Stillingstittel
Guide/Omviser
Oppstart
16. juni 2025
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. mars
Send søknad til
Hva vi ser etter
Me søkjer deg som er motivert, allsidig, og blid og engasjert i møte med nye menneske. Du er over 18 år, snakkar godt norsk, engelsk og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning (geologi, museumsfag, historie, lærarutdanning).
Kjøring av gruvetoget gjer at førarkort kl. B er ønskjeleg.
Arbeidsoppgaver
Kisgruva på Litlabø, Stord, er ei av landets flottaste besøksgruver. I sommarsesongen frå 02.juli til 10.august treng me ein engasjert guide til faste omvisingar i gruva 5 dagar i veka (ons-søndag). Det er varierte arbeidsdagar med publikumsmottak, omvisingar, togkøyring, kafé-salg, reinhald og marknadsføring på SoME. Du vil bli del av eit lag på tre guidar som arbeider i lag. Du må vera sosialt god og imøtekomande for våre unge og gamle gjester. Du må setje stor pris på forteljarrolla og kunne tilpasse nivå og tema til det publikum du har.
Er det periodar i løpet av sommaren du ikkje har høve til å arbeida, må dette gå fram i søknaden. Du må delta i to dagars betalt opplæring i veke 26.
Vi tilbyr
Me tilbyr løn etter tariff, god opplæring og historierikt arbeidsmiljø. Du vil vera ein av tre guidar på jobb til ei kvar tid.
Opplæring vil bli gjeve m.o.t. historia, geologien, anlegget, presentasjonsmåtar, togkjøring, førstehjelp og rutinar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Geopark Sunnhordland er ein UNESCO Global Geopark, eigd av Region Sunnhordland IKS. Geoparken driv formidling av geoarven i Sunnhordlandsregionen, samt utvikling av eit berekraftig reiseliv basert på naturverdiane som ligg i UNESCO-statusen.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860621
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
fb2a92f8-29f9-4e52-9359-6d2bbd71b13c