Hopp til innhold

Rådgjevar/digital forretningsutviklar

Arbeidsgiver

Skyss

Sted

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Storehagen 1B, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Skyss sitt transporttilbod påverkar titusenvis av reisande kvar einaste dag. Vil du bli ein del av det tverrfaglege teamet vårt?

Vi søker ein digital forretningsutviklarsom kombinerer sterk gjennomføringsevne med evna til å skape samspel mellom menneske, prosess og teknologi. Du vil få ei nøkkelrolle i å leie endringsinitiativ, rydde i komplekse løysingar og sørge for at nye digitale løysingar faktisk blir tekne i bruk, med gevinstar både for dei reisande og for Skyss. 

Rolla passar for deg som trivst i spennet mellom strategi og praktisk gjennomføring. Du kan omsette forretningsbehov til tydelege prioriteringar, krav og leveransar, og du har teft for kva som må til for å få endring til å sitte i ein kompleks organisasjon. 

Som digital forretningsutviklar får du ansvar for å leie og drive fram endrings- og utviklingsarbeid knytt til innføring av nye løysingar. Du vil få ei sentral rolle i å ta nye løysingar frå Tet Digital i bruk, og i å forenkle og rydde i systemlandskapet. 

Samtidig skal du også støtte Skyss i strategisk arbeid i Skyss og i samarbeid med andre kollektivselskap. 

 

Arbeidsoppgåver

Typiske arbeidsoppgåver vil vere å

  •  leie prosjekt og endringsløp, der du får ansvar for god styring, plan, risiko- og avhengnadsoversikt og i å ta tak i problemstillingar tidleg
  •  legge til rette for tverrfaglege prosessar og skape felles situasjonsforståing  
  • sikre forankring hos leiarar og nøkkelpersonar og få med fagmiljøa i endringar 
  • bidra til standardisering og effektivisering av arbeidsprosessar for å gi kvalitets- og produktivitetsgevinstar 
  • bistå inn i strategisk arbeid 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde (teknologi, design, økonomi, samfunnsfag, juss eller liknande) 
  • God forståing for samspelet mellom forretningsbehov og teknologi, og evne til å omsette behov til konkrete leveransar 
  • Gjerne erfaring med prosjektleiing, endringsleiing eller produkt-/tenesteutvikling 
  • Gjerne erfaring frå kollektiv-/mobilitetsbransjen eller liknande, men ikkje eit krav 
  • Kjennskap til digitale løysingar og plattformer, og evne til å snakke forståeleg med både forretning og teknologar.

Du passar inn hos oss om du 

  • liker kompleksitet og framdrift 
  • trivst i krysspress og får til involvering 
  • kombinerer struktur med pragmatisme 
     

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne 
  • Evne til å skape tillit hos både interne og eksterne partnarar
  • Motiverer andre, tar initiativ og liker å drive prosessar framover på ein strukturert måte 
  • Kan kommunisere og argumentere strukturert og datainformert og gjere komplekse problemstillingar enkle å forstå 
  • Trivst med tverrfagleg arbeid og med å vere bindeledd mellom forretning, teknologi, operatørselskap og eigarar 
  • Ser heilskap og samanhengar, men kan òg gå i detalj når det trengst for å sikre kvalitet i avtalar og løysingar 
  • Er sjølvgåande, ansvarleg og ein pådrivar for at ting faktisk blir gjennomført 

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande, meiningsfull og spennande stilling med stor samfunnspåverknad 
  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer og tett samarbeid på tvers av fagområde 
  • Moglegheit for fagleg utvikling  
  • Fleksibel arbeidstidsordning og høve til noko heimekontor etter avtale 
  • Løn etter avtale 
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår  
  • Arbeidsstad i Bergen, Førde eller Leikanger 

Andre opplysningar:

  • Noko reiseverksemd må påreknast
  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Camilla Selch, leiar Digital transformasjon og teknologi, 90809712, camilla.selch@skyss.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5078769408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Camilla Selch

leiar Digital transformasjon og teknologi

90809712

camilla.selch@skyss.no

Om bedriften

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fb1dd795-0693-45dd-a06a-158250aa4310

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8668ba779e094f139871480ac5e5d324

Lignende annonser