Toradarpedagog
Kvam kulturskule
Grovagjelet, 5600 Norheimsund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Toradarpedagog
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
- Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 27 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
- Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
- Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre.
Kulturskulen har også ansvaret for DKS (Den kulturelle skulesekken) og UKM.
Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i toradar, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen
- Arbeid med elevgrupper som til dømes juniorspelemannslag
- Som tilsett i kulturskulen tek ein del i arbeid med ulike arrangement
Kvalifikasjonar
- Instrumental utdanning på toradar på høgskule-/universitetsnivå eller realkompetanse/relevant utdanning innan toradarspel
- Erfaring frå undervisning/pedagogisk arbeid
- Gode utøvande ferdigheiter
- Grunnleggjande IT-kunnskapar og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap på digitale plattformar
- Førarkort og tilgang til eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
- Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande
- Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre
Me tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Anne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771Arbeidsstad
Grovagjelet5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4965495998
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne Cathrine Eiken
Kulturskulerektor
+47 975 16 771
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2935071
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dfd1807cc9d94454b0bd37ce06f14441