Lærar teknologi og industrifag
Sotra vidaregåande skule
Branndalsmyra 61, 5353 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar teknologi og industrifag
Oppstart
12. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialising. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter ein lærar på Teknologi og industrifag i 100% vikariat frå skulestart til 28.februar 2026. Det er mogleg at vikariatet kan bli forlenga.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning innan programområdet Teknologi og industrifag, Vg1, Vg2.
- Undervisning på kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt.
- Praktisk og teoretisk undervisning innan mekaniske fag.
- Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
- Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
- Halde seg informert om utvikling i bransjen.
- Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet Teknologi og industrifag.
- 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
- Ønskjeleg med allsidig erfaring frå mekanisk industri.
- Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon.
- Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
- Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
- Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
- Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
- Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
- Du har stort engasjement for faget.
- Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
- Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
- Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
- Trimgrupper for tilsette.
- Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
- Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting.
- For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Kontaktinformasjon
Natalia Garcia Benito Valkner, avdelingsleiar, 98806943Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
Arbeidsstad
Branndalsmyra 615353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4999668945
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2025
Sluttdato: 28.02.2026
Søknadsfrist: 20.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Natalia Garcia Benito Valkner
avdelingsleiar
98806943
Erik Henneli
Assisterande rektor
95826077
Olav Lee
rektor
93034370
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
faaee113-508a-4209-81dd-6a80f16ecf4c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
701ccefa6b074c8e94be9afed55b322a