Førsteamanuensis/førstelektor i norsk/norskdidaktikk
Nord universitet
Nesna Lærerhøgskole 2, 8700 Nesna
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis/førstelektor i norsk/norskdidaktikk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. april
Dette er Nord universitet
Vil du vere med og skape kunnskap som gjer ein forskjell? Ved Nord universitet utviklar vi framtidas løysingar gjennom utdanning, forsking og samarbeid med samfunnet rundt oss.
Saman formar vi framtida med røter i nord og blikket framover.
Nord i verda – kunnskap for framtida.Video: https://www.youtube.com/watch?v=mzrda-wPIc8Om stillinga
Ved Nord universitet, Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, er det frå 1.08.26 ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i norsk/norskdidaktikk.
Om det på grunn av manglande søkjartilfang, eller av andre grunnar ikkje let seg gjere å tilsetje i stilling som førsteamanuensis/førstelektor, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som universitetslektor.
Det er forventa at den som blir tilsett som universitetslektor, kvalifiserer seg til førstestilling etter avtale med dekan.
Stillinga er i hovudsak lagt til Nesna. Undervisning og rettleiing kan òg leggjast til andre studiestader ved Nord universitet. Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestadar, òg samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet er difor viktig, uansett geografisk plassering.
Stillinga kan også innebere arbeidsoppgåver ved Nord universitet sine andre studiestadar.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning, praksisoppfølging, rettleiing i høve til bachelor- og masteroppgåver på barnehagelærarutdanninga og FoU-og masteroppgåver på master i grunnskulelærarutdanninga.
- Stillinga er knytt til undervisning på bachelor- og masternivå i norskfaglege emne, i hovudsak innanfor språkvitskaplege område.
- Det kan òg vere aktuelt med samarbeid knytt til eksterne prosjekt (som Dekom, Rekom og Kompetanseløftet).
- Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid er sentrale ved fakultetet. Det er difor viktig at den som blir tilsett, meistrar å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
- Det er venta at den som blir tilsett, bidreg til å utvikle fagmiljøet
Kvalifikasjonskrav
Tilsetjing som Førsteamanuensis:- For tilsetjing som førsteamanuensis krevst doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert anten ved vitskapleg arbeid eller kunstnarisk arbeid av same omfang og kvalitet
- Språkvitskapeleg kompetanse
- Utdanningsfagleg kompetanse
- Norskkunnskapar på nivå B2
- For tilsetjing som førstelektor krevst høyere grads eksamen eller tilsvarende innan relevant fagområde
- Språkvitskapeleg kompetanse
- Utdanningsfagleg kompetanse
- Norskkunnskapar på nivå B2
- Relevant yrkes- eller undervisningserfaring Bidrag til faglig utviklingsarbeid på høyt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standarder innen fagområdet/yrkesfeltet
- For tilsetjing som universitetslektor krevst høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
- Språkvitskapeleg kompetanse
- Utdanningsfagleg kompetanse
- Norskkunnskapar på nivå B2
- Relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Sams for alle:
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk ( bokmål og nynorsk) og engelsk
- Søkjarar må dokumentere at dei har utdanningsfagleg kompetanse, det vil seie pedagogisk eller didaktisk kompetanse for å fremje læring, mellom anna kunnskap og ferdigheiter innan utvikling og gjennomføring av undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Meir informasjon finn du på nettsidene til Nord.
Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere relevant utdanningsfagleg kompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk som dekkjer dette kravet.
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:
- Erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå frå universitets- og høgskolesektoren God evne til å involvere og engasjere studentane i undervisning
- Gode pedagogiske kvalifikasjonar
- Relevant yrkespraksis
- God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
- Fleksibilitet
- Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1011 for førsteamanuensis, kode 1198 for førstelektor og kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass i stadig utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Aktivt bedriftsidrettslag
Generell informasjon
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvar og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.
Nord universitet er underlagt tryggleikslova, og dette stiller krav til handtering av skjermeverdig og sensitiv informasjon. For å auke tryggleiken rundt tilsetjingane kan Nord nytte bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søkje.
Opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.
Kontakt
Nærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:
- Faggruppeleiar May Line R. Tverbakk, e-post: may.l.tverbakk@nord.no tlf. 75 51 77 38
- Seksjonskoordinator, Nesna, Kathrine Fosshei, e-post: kathrine.fosshei@nord.no, tlf. 75 05 78 71
Søknadsprosessen
Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig komite. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.
Søknad
Søknad sendast elektronisk innan 05.04.2026
Den elektroniske søknaden skal innehalde:- Søknadsbrev
- Fullstendig curriculum vitae
- Kopi av vitnemål og attestar
- Fullstendige kopiar av eit utval på Inntil 10 av søkjaren sine mest relevante publikasjonar, og ei liste over desse. Doktorgradsavhandling må leggjast ved som eitt av desse 10 vedlegga. Vi bed søkjarane prioritere dei 5 viktigaste arbeida sine, og kommentere prioriteringa. Doktorgradsavhandling skal leggjast ved som eitt av disse arbeida.
- Utdanningsfaglig CV og refleksjonsnotat ihht utfyllande bestemmelsar for utdanningsfaglig kompetanse
- Dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast som relevant for stillinga, og som er ønskt teken med i vurderinga
- Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.
Ref.nr. 30252875Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.
I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.
Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.
Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag utdannar framtidas lærarar frå barnehage til vidaregåande skole og innan idrett og estetiske fag.
Les meir: www.nord.no/flu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fa69099f-81cc-45ab-b54d-f7a2061ae2db
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286645