Overbioingeniør blodbank
LMBB, seksjon FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overbioingeniør blodbank
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. januar
Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur! Vi har ledig 100% stilling som overbioingeniør i blodbanken.
Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. Blodbanken i Helse Førde er organisert i fellesavdeling med medisinsk biokjemi. Det er ei avdeling på tvers av sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid. I tillegg er der ein tappestasjon i Florø.
🌟 Her får du:
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Opplæring og overlapping frå dagens overbioingeniør som tenkjer å pensjonere seg i løpet av hausten 2025.
- Drifte blodbanken i Førde og tappestasjonen i Florø saman med dyktige kollegaer
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangementer
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemuligheter rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🎉 Sosialt miljø:
Arbeidstida er i hovedsak dagtid mandag til fredag med helgearbeid ca kvar 4 helg.
Er du klar for å ta steget?
Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team! Startdato 01.05.25 eller etter avtale. .Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB.
Arbeidsoppgåver
- Har i samarbeid med avdelingssjef / kvalitetsleiar ansvar for at drifta er i samsvar med kvalitetsstyringssystemet
- Har i samarbeid med seksjonsleiar ansvar for innkjøp / årsleveringar av reagens og eingongsutstyr i samsvar med Helse Førde sine innkjøpsavtalEr og delegasjonsfullmakter
- Ha oversikt og sikre beredskap av blodkomponentar og blodprodukt i sjukehuset
- Har driftsansvar for blodbanken i Førde og tappestasjonen i Florø
- Følgje opp HMS-arbeidet ved lokal blodbankeining
- Prosedyregodkjenning
- Halde seg fagleg oppdatert innafor fagområdet, og delta på møte og relevante kurs
- Støtte leiarar og fagleiarar i kvalitets- og forbetringsarbeid
- Opplæring og undervisning, tilrettelegge for studentar som skal ha praksis
- Delta i rutinearbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør
- Erfaring innan transfusjonsmedisin er ein fordel
- Gode IT-kunnskaper
- Kunne uttrykke seg godt på norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull, nøyaktig og strukturert
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Interesse for kontinuerleg forbetringsarbeid
- Evne til samarbeid og leiing
- Engasjert og målretta
- Må trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Høve til opplæring og kompetanseutvikling
- Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, 57 83 92 87Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4891369299
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Nina Merkesdal Hole
Seksjonsleiar
57 83 92 87
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2813875
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ff2c976d4a54556b0da87945dfea637