ID 2251 Pedagogisk-psykologisk rådgjevar - Førebyggjande tenester
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
PPT har 10 fagstillingar med entusiastiske og motiverte tilsette. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom variererte arbeidsmåtar. Kompetanseløft for <<Spesialpedagogikk og inkluderende praksis>> står sentralt i PPT og våre 3 samarbeidskommunar saman med implementering av ny Opplæringslov.
Me ønsker oss ny medarbeidar som kan bidra til samarbeid og støtte til skulane og barnehagane for å gje eit inkluderande opplæringstilbod.
Me søkjer etter pedagogisk-psykologisk rådgjevar, i fast 100% stilling. Eininga er i ein omorganiseringsprosess, noko som kan gjer at innhaldet i stillinga kan verta noko endra i oppgåve og ansvar. Dette vil vera avklart før endeleg tilsetting i stillinga. Oppgåvene i PP-tenesta er:-
Utvikling og endringsarbeid i barnehagar/skoler
-
Sakkunne arbeid etter opplæringslova/ barnehagelova
-
Konsultasjonar, veiledning og rådgjeving
-
Observasjon, kartlegging og utredning av barn og unge
-
Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre hjelpeinstansar
-
Fast kontaktperson i barnehage og/eller skule
**Me ser etter ein fagperson med fylgjande kvalifikasjonar: **
-
Master innafor eit av dei spesialpedagogiske fagområda
-
Erfaring med arbeid i barnehage og/eller i grunnskulen
-
Erfaring og kompetanse med rådgjeving og rettleiing er ei føremon
-
Interesse og/eller erfaring med utviklings- og endringsarbeid
-
Systematisk og sjølvstendig
-
Jobbar godt saman med andre
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Noko reiseverksemd mellom våre tre kommunar må påreknast, så førarkort er naudsynt.
Me kan tilby:-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus 92064415
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2771048
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
fa31e75a-befd-4f58-8216-0262c516a3d1