Anleggsgartnar / maskinkøyrar
Surnadal kommune Teknisk drift
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Stillingstittel
Anleggsgartnar / maskinkøyrar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ved Teknisk drift er det ledig fast stilling i 100% som anleggsgartnar / maskinkøyrar, med ønske om tiltreding snarast. Arbeidet er for det meste sjølvstendig, men også mykje i samarbeid med andre, i eit godt arbeidsfelleskap.
Arbeidsområdet vil være kommunale grøntanlegg, og anna arbeidsoppdrag knytta til avdelinga. Hovudoppgåve vil vere ansvaret for dagleg drift og vedlikehald av kommunale grøntanlegg i sommarhalvåret, og driftsoppgåver på kommunale bygg og kommunale vegar i vinterhalvåret. Det vil seie snøbrøyting, strøing og anna nødvendig arbeid. Varierande arbeidstidsstart/-slutt kan førekomme i delar av vinterhalvåret. Ein kan også bli sett til anna oppgåver innanfor aktuelle fagområde.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med fagbrev som anleggsgartnar, men relevant erfaring kan erstatte fagbrev.
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå dei fagområda som stillinga skal dekke.
- Det er krav om maskinførarbevis (M4 Hjullaster)
- Det er krav om førarkort klasse B.
- Det er ein fordel om søkjaren har førarkort i klasse BE og C1. Det same gjeld M2 Gravemaskin og truckførarbevis (T4).
- God kjennskap til HMS og oppfølging av rutiner som gjeld på området.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team.
- Positiv innstilling til dei oppgåver som skal bli utført.
- Godt humør og stå-på-vilje.
Vi tilbyr
- Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår og lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2297821
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3141859_194369_nn